Hopp til innhold

Fansen livredde for nedrykk

Økonomisk sett held Brann hovudet over vatn. Sportsleg ser det verre ut.

Krisemøte med Brann-fansen

Krisemøte med Brann-fansen

Foto: Sølve Rydland, NRK

- Laget manglar jo alt som heiter sjølvtillit, og det er ingenting som fungerer på banen.

LES: - Dette er veldig tungt

Det sa leiar i Branns trufaste fanskare Bataljonen, Frode Hellebø, like etter at det opne møtet som Sportsklubben Brann hadde invitert til i ettermiddag starta.

- Det som skjedde med Fredrikstad for nokre år sidan kan lett gjenta seg. Der var det sølv først, så nedrykk og deretter eit lag i ruin, seier den oppgitte fanklubb-sjefen.

Meir om bråket i Brann:

- Vi må rydde i reiret

På nedrykksplass etter to selvmål

Dagleg leiar Lars Moldestad starta møtet klokka 17 tysdag med å underretta om økonomien i klubben. Trass i omlag 2,8 millionar kroner mindre enn budsjettert inntekt, gjer skattefordelar at klubben slepp underskot - trass i dårlegare oppmøte, at dei rauk kjapt ut av cupen og mindre støtte frå Medietoppen.

Dermed ser det ut til at Brann vil gå med eit overskot på 700 000 kroner.

- Økonomisk sett går det betre no enn i vinter, sa Moldestad til den nedtrykte forsamlinga.

Hellebø og resten av supporterane som møtte opp, lar seg ikkje imponera av det.

Heller ikkje av at klubbleiinga lovar å gjennoppretta orden, med ny sjef som første prioritet, innan 20.juni.

- Det hastar å få orden på strukturen i klubben, sa Hellebø og la til at fansen no er meir triste og resignerte enn prega av sinne.

Les også at ekspert ber Bergensarane gi laget sitt fred og ro: - Gi Brann ro, ber ekspert