Hopp til innhold

Fann utbrent batteri etter husbrann på Minde

Politiet undersøker om brannen i eit hus på Minde i Bergen onsdag kan ha samanheng med lading av elsparkesyklar, ifølgje BA.

Flammane stod ut av vindauget. Brannvesenet fann to elsparkesyklar og eit utbrent batteri som kan høyre til desse i bustaden, skriv avisa.

6. mai blei det også meldt om ein mindre brann i Bergen som kan ha starta i ein elsparkesykkel.

Det har brent godt i boligen.
Foto: Christine Rieber Lensberg / NRK