Hopp til innhold

Familie får millionerstatning etter barnevernssak

Ein familie får 1,25 millionar kroner i erstatning frå Sogndal kommune etter ei årelang barnevernskonflikt.

Advokat Pål A. Eide, Nils-Kristian Bratteteig og Juana Montero etter dommen i tingretten

I RETTEN: Advokat Pål A. Eide, Nils-Kristian Bratteteig og Juana Montero etter at dommen i tingretten fall.

Foto: May Grethe Lerum

Sogndal kommune og familien Bratteteig har i fleire år vore i konflikt etter ei barnevernssak.

Partane har no inngått forlik og kommunen betalar Bratteteig-familien 1,25 millionar kroner erstatning, skriv Sogn Avis.

Porten omtalte saka først.

Familien er glade for at dei slepp å gå ein runde til med saka, fortel Pål A. Eide, som er advokaten deira.

– Det har vore ei veldig påkjenning å bli minna på det som skjedde, og få rippa opp i det som dei opplevde som eit mareritt, seier Eide til NRK.

– Ei forferdeleg oppleving

Saka går tilbake til 2016 då sonen i familien vart akuttplassert og sett i beredskapsheim.

Tingretten har tidlegare gitt familien medhald i at Sogn barnevern gjorde fleire feilvurderingar i samband med at dei overtok ansvaret for sonen til Nils-Kristian Bratteteig og Juana Montero.

Kommunen anka til lagmannsretten, men no har partane kome til eit forlik.

– Barnevernet hogg ned i kvardagen deira og tok sonen til ein beredskapsheim i bygda, synleg for alle. Dette var ei forferdeleg oppleving for dei, seier Eide.

Han seier erstatninga er eit plaster på såret, men ikkje fullt ut dekkjer tapet til familien.

– Dei har hatt høge utgifter og tap for å kome tilbake til ein normal kvardag. Men det dekker på ingen måte det tapet dei reelt sett har hatt, seier Eide.

Skal godkjennast av kommunestyret

Kommunalsjef for oppvekst i Sogndal kommune, Ole Gunnar Krakhellen, seier det er positivt at partane har kome til eit forlik og at saka kan avsluttast.

– Vi har følgt opp det som var sagt då det vart orientert om saka i kommunestyret i mars. Vi skulle sjå om det var mogleg å finne ei minneleg løysing. No har vi funne fram til eit forlik begge partar kan akseptere, seier Krakhellen.

Forliket er signert av partane, men saka skal også opp i formannskapet og kommunestyret i Sogndal denne veka. Kommunestyret må gi godkjenning for at erstatningssummen kan betalast ut.