For partia er så ueinige at dei slepp å gjere noko som helst. Det seier professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot. Han trur det held fram som før, og meiner det er viktig å leggje press på politikarane til å løyve pengar.
- Tilbake til folkestyre
Men konkrete pengelovnader som monnar held politikarane seg stort sett unna. På landsmøta sine har partia i staden kome med framlegg dei truleg slepp å ta ansvar for. Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti, vil alle ha dei omstridde helseføretaka over til folkevald styring igjen.
Aarebrot meiner at det ikkje løyser noko som helst. Det blir i alle fall ikkje meir pengar til sjukehusa av det.
- Fylkespolitikarane hadde ikkje eigne skatteinntekter. Så viss fylkestinga ikkje fekk løyvd nok pengar, så fekk fylkespolitikarane skulda for det rikspolitikarane eigentleg hadde ansvaret for, seier han.
Arbeidarpartiet vil halde på sjukehusreforma dei trass i alt sjølve står bak. Men dei vil ha ei evaluering, og dei vil at lokale styremakter skal kunne føreslå kven som skal sitje i styret.
- Slett gjelda
Høgre vil avvikle helseføretaka. Dei vil gje større fridom til det einskilde sjukehuset, og at staten skal eige sjukehusa gjennom eit av departementa. Framstegspartiet vil slette all gjelda til helseføretaka slik at dei skal kunne drive på forsvarleg vis.
- Demokratisk problem
Aarebrot seier det er eit demokratisk problem at ein kan kome i ein situasjon der ingen treng å ta ansvar. Medan tusenvis av folk i distrikta går i fakkeltog for å vise kor viktige lokalsjukehusa er, skubbar altså politikarane ansvaret mellom helseføretaket, stortinget og helseministeren.
- Ingen alliansar
Bente Øien Hauge er leiar i forsvar Lærdal Sjukehus. Dei kjempar med nebb og klør for å oppretthalde akuttfunksjonane ved sjukehuset, og ser ikkje noko klart alternativ til stortingsvalet. Sidan alle partia har så ulike standpunkt, meiner ho det er umogleg å få til ein allianse verken på høgresida eller den rød-grøne sida.
Aarebrot seier løyvingar til helsesektoren er og kjem til å vere si stor hovudpine for politikarane. For pengesluket kjem ikkje til å avta.