Hopp til innhold

Fabrikkeigar dømd for andre gong etter storbrann – blir kravd for over 22 millionar

Eigaren vart dømt til fengsel for grovt skattesvik. No har tingretten slått fast at han ikkje har krav på forsikringspengar etter at fabrikken hans brann ned i 2016.

Brannen på Atløy

DØMT: Nyttårsaftan 2016 gjekk krabbefabrikken på Atløy opp i røyk. Sidan den gong har eigaren blitt dømt i to rettssaker mot seg.

Foto: Alf Vidar Snæland

100 år med fabrikkhistorie gjekk opp i røyk då krabbefabrikken på Atløy i Askvoll kommune brann ned.

Nær seks år seinare sit tidlegare styreleiar Tor Løkeland med krav på over 22 millionar kroner retta mot seg.

Krava stammar frå dei to rettssakene Løkeland har vore gjennom det siste halvåret.

Ville ha 7 millionar meir enn verdien

Den første utfordringa for fabrikkeigaren starta kort tid etter brannen for seks år sidan.

Les også Brannen på Atløy endeleg sløkt

Brannen på Atløy

Politiet mistenkte at Løkeland sjølv hadde sett fyr på fabrikken. Han vart sikta, men saka blei lagt vekk på grunn av «bevisets stilling».

Etter kvart sette forsikringsselskapet seg på bakbeina. Dei politimelde fabrikkeigaren fordi dei mistenkte forsikringssvindel. Også denne saka blei lagt vekk av politiet.

Tvisten om forsikringsoppgjeret enda nyleg i retten.

Les også Fekk pengar til forsking – no er eigaren av krabbefabrikken tiltalt for skattesvindel

Løkeland krabbefabrikk

If ville ikkje betale ut fullt forsikringsoppgjer. Dei meinte Løkeland hadde gitt feil informasjon. Mellom anna var ei rekkje gjenstandar ført opp med feil alder. Ein takstmann slo fast eit sprik på 7,1 mill. mellom reell verdi og det Løkeland hadde ført opp.

I retten forklarte den tidlegare styreleiaren at han prøvde å kome med så riktige opplysningar som råd, og at han ikkje bevisst oppgav uriktig informasjon.

Tysdag fall dommen i Oslo tingrett.

Retten slår fast at Tor Løkeland var klar over at han gav uriktige opplysningar. Og er samd med forsikringsselskapet om at han ikkje har krav på forsikringsoppgjer.

Han må difor betale If nær 8,9 millionar, samt sakskostnadane på 264.467 kroner.

Les også Politiet meiner å vite kvar storbrannen starta, men ikkje kvifor

Brannen på Atløy

Tor Løkeland seier til NRK at han ikkje ønskjer å kommentere dommen.

Han har ikkje bestemt seg for om han vil anke.

Nora Lund Lefdal er If sin advokat i saka.

– Vi meiner det var eit riktig utfall, men utover det har eg ingen kommentarar, seier ho.

Dømt for grovt skattesvik

Den tidlegare fabrikkeigaren har stått i hardt vêr fleire gonger etter fabrikkbrannen.

I sommar møtte han i Sogn og Fjordane tingrett, denne gongen tiltalt for grovt skattesvik.

Politiet og Skatteetaten meinte mannen lurte til seg 7 millionar gjennom uriktig utbetalingar over Skattefunn- ordninga.

Dette er ei støtteordning for verksemder som utviklar varer, tenester eller produksjonsprosessar. Krabbefabrikken fekk denne støtte fordi dei hevda dei forska på nye måtar å bruke krabbeavfall på, noko motparten meinte ikkje stemte.

Saka enda med at Løkeland blei dømt til fengsel i 2 år og fire månader.

Han blei dømt til å betale 5,9 millionar i skadeerstatning til Skatteetaten. Han fekk også inndrege 7,1 millionar som skal dekke Skatteetaten sitt erstatningskrav. Retten gav han også ein bot på 730.000 kr.

Løkeland tapte også retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd og retten til å vere dagleg leiar i selskap dei fire neste åra.

Denne dommen er anka.

Les også Fabrikken skulle fylt 100 år – no risikerer eigaren fengsel

Løkeland krabbefabrikk