Hopp til innhold

Eviny må nedbemanne

Sju tilsette ved entreprenør- og rådgjevingsselskapet Eviny Solutions i Førde mister jobben. Dei tilsette vart orienterte onsdag, melder Firda. Selskapet mista kontrakten på utbygging, drift og vedlikehald av breibandsnettet til Enivest. – Dei åtte som blir verande må kanskje endre stilling og få nye oppgåver, seier dagleg leiar Helge Rysjedal til avisa.