Hopp til innhold

Stiller splitter naken i sin nyaste musikkvideo

Utan ein tråd på kroppen, stiller Eva Weel Skram (26) i den nye musikkvideoen til Eva and the Heartmaker "Traces of You".

– Ideen til videoen var så god at eg ikkje tenke over at eg skulle vere naken. Det var litt uvant og rart i starten av innspelinga, men etter fem-ti minuttar var det ingen som brydde seg, seier sogndalsjenta til vg.no.

I videoen vert kroppen hennar nytta som lerret for film av fargerike mønstre. Det er ein kunstnar frå Tyrkia som har måla forskjellige mønstre i vatn, ei kunstform som vert kalla Ebru.

Er svært nøgd med resultatet

Ifølgje avisa vart dette filma og prosjektert på den nakne kroppen under innspelinga av videoen.

Sjølv er ho svært nøgd med resultatet.

– Det er veldig spesielt, og eg er supernøgd. Eg kjende meg ikkje så naken sidan det var fargar og mønster overalt, seier Weel Skram.

Ho fortel at songen "Traces of You" handlar om dei spora som ein tek med seg vidare sjølv om eit forhold tek slutt.

– I videoen blir desse mønstra som avtrykk på kroppen min, mønster som sit att, seier Weel Skram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eva Weel Skram

SPENNANDE: Eva Weel Skram er godt nøgd med resultatet av musikkvideoen.

Foto: Sony Music

Handlar om venninne

Weel Skram fortel at songen handlar om slutten på forholdet til ei god venninne av henne, ei som hadde vore i lag med kjærasten frå dei var 13 til 26.

– Eg må stele frå vennene mine. Eg har det jo så fint i livet mitt, seier ho til avisa.

Ho gifta seg med Thomas Stenersen, som er den andre delen av duoen Eva and the Heartmaker, då ho var 22 år.

No gler ho seg til å vere forlovar når venninna Tone Damli Aaberge gifter seg med Aksel Hennie neste sommar.

– Det blir kjekt! Det er ei stor tillitserklæring å få. Eg er i tillegg bryllaupsgal og var den første av venninnene mine som gifta meg. No tek det til å losne, seier Weel Skram, som skal i minst fire bryllaup til sommaren.