Etterforskar trussel om skuleskyting i Florø

Dette er den fjerde trusselen om skuleskyting som er framsett mot skular i Vestland fylke.

Flora vidaregåande skule

INGEN TILTAK: Politiet gjer førebels ikkje tiltak etter ein trussel om skuleskyting. Trusselen kom mot elevar ved Flora vidaregåande skule i Florø.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Politiet skal ha fått kjennskap til truslane gjennom Instagram, der ei instagramgruppe knytt til elevar ved Flora vidaregåande skule vart nemnt. Det var Firdaposten som omtalte saka først.

NRK har sett trusselmeldinga, og kontoen som meldinga blei sendt frå er no sletta.

Personen som kom med trusselen skal ha skrive i ei melding at «shooting is right around the corner, we are making sure that nobody can escape this nightmare».

I løpet av same tidsperiode har norske skular fått til saman 190 truslar om skuleskyting.

NRK har vore i kontakt med rektor ved Flora vidaregåande skule. Han ynskjer ikkje å kommentere saka, og viser vidare til politiet og sjefen for opplæring i Vestland fylke.

Fylkesdirektør for opplæring i Vestland, Bjørn Lyngedal, seier at trusselen først og fremst er urovekkande, og ikkje minst ei belastning for skule, elevar og foresatte.

Bjørn Lyngedal, Opplæringssjef i Vestland

UROVEKKANDE: – Vi er ikkje kjent med at det har kome fleire truslar. Vi kjenner berre til situasjonen som vi no har i Florø, seier Bjørn Lyngedal. Han meiner trusselen er urovekkande.

Foto: Vestland fylkeskommune

– Den usikkerheita ønsker vi ikkje ved skulane våre, seier Lyngedal.

Fleire truslar

Dei siste to vekene har det kome inn truslar mot fire skular i Vestland fylke.

– Nokre av skulane har mottatt fleire truslar. Desse truslane blir fortløpande vurdert av Vest politidistrikt, og så langt finn ikkje vi grunn til å setje i verk nokre spesielle tiltak på desse truslane, seier Kjetil Øyri, som er stabssjef i Vest politidistrikt.

Øyri seier at felles for truslane er at dei kjem på sosiale medium, og at det har kome tilsvarande truslar fleire stader i landet.

– Vi ser dette i eit nasjonalt bilete, og det er viktig at vi får ein god oversikt over kva som skjer i distriktet vårt. Vi handterer kvart enkelt trussel sånn som vi skal, seier Øyri.

Stasjonssjef Wenke Hope ved politikammeret i Florø stadfestar til Firdaposten at dei fekk melding om trusselmeldinga onsdag, og at dei er i full gang med å undersøke saka.

– Vi kjenner til meldinga, og undersøker no saka. Dette tar vi alltid på alvor, seier stasjonssjef Wenke Hope ved Florø politistasjon.