Hopp til innhold

Etterforskar overfall i Sogndal sentrum

Politiet har sperra av eit område i Sogndal sentrum etter at ei kvinne skal ha blitt overfalle natt til søndag, melder jourhavande politijurist til NRK.

Hendinga skal ha skjedd seint på natta etter at utestadane hadde stengt. Politiet har ikkje opplysningar om kvinna er fysisk skadd.

Politiet arbeider no med å få oversikt og gjer etterforskingar på staden.

– Vi kjem til å gjere nokre avhøyr og sjekke om videoovervaking har fanga opp noko, seier politistasjonssjef Magne Straumstein til NRK.

Ingen er pågripen, melder jourhavande politijurist.

Politiet er interessert i tips om nokon har høyrt eller sett noko i Sogndal sentrum natt til søndag.

Politiet har sperra av område i Sogndal knytt til eit overfall natt til 23. april 2023.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK