Hopp til innhold

Etter 60 år var skrifta frå fortida synleg igjen

ORNES (NRK): Det finst bilete av runene, men ingen har sett dei med eigne auge sidan 1954. Så dukka to tyske forskarar opp …

Runer Urnes stavkyrkje

SPENNANDE FUNN: Marit Bøen ved Urnes stavkyrkje på Ornes i Sogn har aldri før sett runene. Før no.

Foto: Rune Fossum / NRK

Bak plankar som skulle verne runene mot vêr og vind har skrifta vore skjult i over 60 år. På svalgangen ved inngangen til Urnes stavkyrkje i Sogn kunne folk igjen få sjå den snirklete, gamle skrifta.

– Det er runer frå 1200-talet, meinte ekspertane som var her i går, seier Marit Bøen.

Ei bøn for Brynjulf

Runer Urnes stavkyrkje

RUNER: På det lengste går skrifta nesten ein meter nedover stavane på svalgangen til stavkyrkja.

Foto: Rune Fossum / NRK

For første gong sidan ho starta å jobbe i Urnes stavkyrkje i 1979 har ho fått sjå runene med eigne auger. Det er takka vere to tyske forskarar frå Kiel som samlar inn diktstrofar på norrønt som dei skal gi ut i ei samling.

– Eg har lest om runer i boka til Magnus Olsen om dei yngre norske runene, og eg har funne alle dei runeskriftene som er inne i kyrkja, men desse har vore skjulte, seier Bøen.

«Halde den heilage herre hand over Brynjulfs and, det vere sant», står det på eine sida av ein av svalgangsstavane.

– Det er vel ei bøn om at Gud må halde si hand over Brynjulf. Kanskje det var ein som budde her? undrar Bøen.

Runer Urnes stavkyrkje Marit Bøen

STOR INTERESSE: Forskar Edith Marold (til venstre) frå Universitetet i Kiel tek runene nærare i augesyn. Ho er prosjektleiaren bak den planlagde samlinga av diktstrofar på norrønt. Marit Bøen (til høgre) tykkjer det er spennande å få sjå runene etter å ha jobba i stavkyrkja i over 30 år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Snart usynlege igjen

Dei tyske forskarane måtte søke Riksantikvaren om løyve til å ta vekk kassen rundt runene.

– Det var veldig bra at dei fatta interesse. Eg synest det var så kjekt å få den eposten, for då tenkte eg at eg også kunne få sjå, seier Bøen og gliser frå øyre til øyre.

Og ho er ikkje den einaste som er interessert i å sjå på den gamle skrifta. Snart blir den truleg igjen skjult.

– Men vi håpar jo at vi kunne få til ei tildekking som er gjennomsiktig, så folk kan sjå det. For du ser jo kor spennande folk synest det er.