Hopp til innhold

Eras nektar å gje ut rapporten

Eras Metall nektar å gje ut rapporten frå sommaren 2007 som viser utslepp av 12 gram kvikksølv i timen, eller 79 kilo i året. Politiet stadfestar at ein rapport viser at det vart sleppt ut 12 gram i timen.

Utslepp ved Eras Metal

KJEMPEUTSLEPP I 2007: Eras Metal i Høyanger. Biletet er frå ettermiddagen 14. januar 2011.

Foto: Geir Ivar L. Ramsli

NRK har vore i kontakt med fleire personar sentralt i Eras Metall, men ingen ønskjer å levere ut målinga frå juni 2007 - ei måling som vart utført av selskapet Hardanger Miljøsenter, og som viser at det vart sleppt ut 12,74 gram kvikksølv per time.

Ser ein på det totalte talet produksjonstimar, blir utsleppet 79 kilo på årsbasis. Det er også tal som Klima- og forureiningsdirektoratet brukar.

I staden for å offentleggjere måleresultatet frå sommaren 2007, sende Eras Metall i går ut ei pressemelding der dei mellom anna hevdar at det store utsleppet som NRK presenterer er «tatt fullstendig ut av luften».

Politiet stadfestar måleresultat

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes stadfestar imidlertid utsleppet frå 2007:

I ein epost til NRK.no skriv han at det ligg føre ein rapport med måleresultat frå Hardanger Miljøsenter datert 10. juli 2007, og at denne syner at det i byrjinga av juni samme år vart målt utslepp av 12,74 gram kvikksølv per time.

Han seier vidare at denne rapporten lenge har vore kjend for politiet, og at den også vart lagt fram for lagmannsretten då saka vart handsama der i oktober i år.

Meiner målinga ikkje er korrekt

Styreleiar i Eras Metall, Paul Hellinckx, meiner målinga sommaren 2007 ikkje vart gjort på ein korrekt måte. Vidare meiner han ei måling frå sommaren 2007 blir eit for spinkelt grunnlagt til at ein kan hevde at årsutsleppet i 2007 var på 79 kilo.

Han viser vidare til at målinga det blir vist til vart forkasta av retten.

Rapporterte éin og ein halv kilo

Eras Metall sende ikkje resultatet frå målinga sommar 2007 over til Klima og forureingsdirektoratet (KLIF), slik selskapet pliktar å gjere.

I staden vart det oppgitt eit årsutslepp på ein og ein halv kilo. Den tillatne grensa er ein kilo.

Først eit år seinare vart KLIF kjend med det store utsleppet i samband med eit tilsyn ved Eras Metall.

Dømd for miljøkriminalitet

Eras Metall har tidlegare vedteke ei bot på ein og ein halv million kroner for ulovlege utslepp.

I tillegg er to tilsette dømde for miljøkriminalitet i samband med store kvikksølvutslepp.

– Vi snakkar her om utslepp 2007 og 2008. Sidan den tida har verksemda brukt dei beste filtersystem for å redusere utslepp av kvikksølv. Vi er også utstyrt med det beste utstyret av direkte måling av kvikksølv, seier styreleiar Paul Hellinckx.