Begge tiltalte dømde i ERAS-saka

Begge dei tiltalte i den mykje omtala Eras-saka i Høyanger er dømde til fengsel.

Eras Metall i Høyanger.

MILJØDOM: Både tidlegare styreleiar og dagleg leiar har fått fengselsdom i ERAS-saka.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den tidlegare styreleiaren og den tidlegare daglege leiaren i industriverksemda, stod tiltalt for alvorleg miljøkriminalitet i Fjordane tingrett.

No er dei dømde til å sone 30 og 21 dagar i fengsel for ikkje å ha hatt kontroll på utslepp av miljøgiftene kvikksølv og flusyre til Høyangerfjorden.

Dei er mellom anna dømde for brot på ureiningslova, og forskrifta om internkontroll.

Kalkulert risiko

Fjordane tingrett meiner at både dagleg leiar og styreleiar, meir eller mindre medvite, tok ein risiko for å hindre at utslepp av kvikksølv skulle føre til ei stenging av verksemda.

– Dei tok ein sjanse på at den vidare drifta ville vere tent med å setje seg ut over gjeldande utsleppsgrense, heiter det i domen.

Retten finn det skjerpande for straffa at dei to tiltalte medvite prioriterte profittomsyn framfor viktige miljøomsyn.

– Eit sentralt moment i straffutmålinga, er omfanget av utsleppet, samt det faktum at kvikksølv er ei svært farleg miljøgift. Det er tale om utslepp av kvikksølv som er 30 gonger større enn det gjevne løyvet, slår tingretten fast.

(Artikkelen held fram under biletet)

SCANARC

DØMD: Tidlegare styreleiar i Eras, Christian Landaas, er dømd til 30 dagar fengsel utan vilkår.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Vurderer anke

Tidlegare styreleiar i bedrifta Eras i Høyanger, Christian Alexander Landaas, er dømd til 30 dagar i fengsel for brot på forureiningslova.

Landaas sin advokat, Bjørn Philipson, ønskjer ikkje å kommentere domen. Dei tek domen til etterretning, og vurderer no om dei skal anke.

Tidlegare dagleg leiar, Gunnar Esnali, er dømd til 21 dagar i fengsel, etter at Eras i 2008 sleppte ut 30 gonger så mykje kvikksølv som dei hadde løyve til.

Tek straffa si

Esnali vel å ta domen til etterretning, og tek straffa han har fått. Belastninga sidan saka vart kjend, har vore stor.

– Eg hadde ei viss forventning om at det ville bli ein dom på vilkår. Det er jo heva over ein kvar tvil at vi hadde sleppt ut over ein kilo, som var grensa. Men eg registrerer at de har teke omsyn til 30 kilo i domen, noko som er overraskande, seier Esnali til NRK.

Noka anke er uaktuelt for den tidlegare daglege leiaren, med svært lang erfaring frå norsk industri.

Vil bli ferdig med saka

– Det er greitt å bli ferdig med saka. Den har vore ein stor belastning. Spesielt det siste halve året i ERAS, var ein svært slitsam periode. Det gjekk stort sett 20 timar i døgnet med diskusjonar og forsøk på å løyse problema, seier Esnali.

Han legg ikkje skjul på at dei siste åra har vore svært tøffe.

– Då vi fekk det siste besøket frå SFT, då var eg tom. Då møtte eg veggen og var totalt utbrent. Eg fekk uføretrygd, og det har eg gått på fram til no, fortel Esnali.

Han rosar dei folka som stod på for at ERAS skulle klare å løyse problema dei hadde i ein lang og vanskeleg periode for verksemda.

– Eg hadde godt og vel eit år i Høyanger, og det var noko av den beste tida eg har hatt i mine 40 år i industrien, seier Esnali.

Begge dei dømde i saka må ut med 7000 kroner i sakskostnader kvar.