Hopp til innhold

- Kontrollen med kvikksølvutsleppet i Høyanger var nedprioritert

– Kvikksølv-utsleppa ved ERAS metall i Høyanger var mitt ansvar, seier dåverande dagleg leiar Gunnar Esnali om dei store kvikksølv-utsleppa i 2008.

Eras Metall i Høyanger

STOR BOT: Industriverksemda Eras Metal AS i Høyanger må betale 1,5 millionar kroner i bot for miljøkriminalitet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han og tidlegare styreleiar er no tiltalt for alvorleg brot på forureiningslova. Politiet meiner han visste om utsleppa utan å sette i verk tiltak. Esnali vedgår no at kontrollen med kvikksølvet ikkje var prioritert.

– Eg er ansvarleg for alt saman, det er ikkje noko å lure på.

– Skulle visst det

I 2008 rann det 55 gonger meir kvikksølv ut av ERAS i Høyanger enn den eine kiloen dei hadde hadde lov til.

– Eg skulle sjølvsagt visst det, seier han.

Bot på 1,5 millionar

I går aksepterte eigarane av ERAS Scan Arc ASA ei bot på 1,5 millionar kroner. Kvikksølv er ei svært farleg miljøgift som ikkje vert nedbrote av seg sjølv.

– Det er ei alvorleg forureningssak, det er ikkje mange slike saker vi har hatt, seier politiadvokat Jørn-Lasse Refsnes.

– Bedrifta ramla frå kvarandre

Esnali vart tilsett i ERAS som produksjonsleiar.

– Eg fekk også personalansvar, HMS-ansvar, alt måtte eg ta som eigne ansvarsområde.

Politiet meiner Esnali kjente til utsleppa, og ikkje gjorde noko for å stoppe dei.

– Etter to månader byrja bedrifta å ramle frå kvarandre, transportband, matingssystemnet og plasmagenerator havarerte. Då måtte eg gjere nokre val. Når ein prioriterer noko, så må ein også velje vekk noko. Eg hadde forståing at det som hadde med utslepp å gjere var teken hand om.

– Så du prioriterte ned kontrollen med utsleppa?

– Ja, det gjorde eg.

Mista oversikten

Esnali seier at han ikkje lenger hadde oversikten over alt.

– Då glepp ein del. Eg hadde telefonar frå sentral stad Statens Forureiningstilsyn som bad om å få meldingar. Eg sa at det skulle klare, men det rakk eg aldri.

– Korleis kan du prioritere ned å ha oversikta over ei så farleg miljøgift som kvikksølv.

– Det kan du spørre om, men dette var den prioriteringa eg gjorde. For meg var det viktigare at bedrifta gjekk rundt.

– Visste du at det bedrifta slapp ut oversteig det de hadde lov til?

– Nei, det visste eg ikkje. Men eg spurde heller ikkje om det. Når eg ikkje bad om det, så fekk eg heller ikkje greie på det.

Eras Metall i Høyanger.

KVIKKSØLV: Eras Metall hadde løyve til å sleppe ut 1 kg kvikksølv i året. På få månader slapp dei ut 55 gonger meir.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK