Hopp til innhold

Studentar som Jonas (23) er ettertrakta – dette yrket treng 40.000 nye på få år

Eksplosiv auke på Finn.no det siste året: Jobbmarknaden får ikkje nok av nyutdanna som Jonas Hjelle Van Weert og andre IT-folk.

Jonas van Weert, IT-student, Digitaliseringsdirektoratet

ETTERTRAKTA: Jobbmarknaden jaktar på Jonas Van Weert og andre nyutdanna innan IT. Han er nyleg ferdig i sommarjobben i Digitaliseringsdirektoratet i Leikanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jonas Hjelle Van Weert (23) har nyleg fullført bachelor i informasjonsteknologi på Høgskulen på Vestlandet i Førde.

I sommar har han jobba på Digitaliseringsdirektoratet i Leikanger. Til hausten går han inn i ei traineestilling på høgskulen.

– Eg kunne ikkje sett for meg ein betre start på arbeidslivet enn det her, seier Van Weerter.

Det vert han truleg ikkje aleine om.

Stor auke innan IT etter koronaår

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner nemleg ein kraftig auke i arbeidstakarar med IT-yrke.

Medan talet på lønnstakarar samla sett auka med 4 prosent frå 2015 til 2020, var auken innanfor IT-yrka på 21 prosent.

Christopher RIngvold

IT-VEKST: Jobbanalytikar i Finn Jobb, Christopher Ringvold, stadfestar ei kraftig vekst i stillingar knytt til IT-bransjen.

Foto: Caroline Roka

– Vi har opplevd ein kraftig vekst i tal på IT-stillingar som er lyste ut hittil i år, seier jobbanalytikar i Finn Jobb, Christopher Ringvold.

For sjå berre her:

  • Første halvår i 2021 synte ei vekst på 56 prosent av jobbannonsar innan IT.
  • Frå juni i fjor til juni i år, har auken vore på heile 98 prosent.

Ringvold peikar på at dei fleste bransjar har hatt ein auke etter koronaåret. Men digitalisering innanfor mange bransjar har skapt eit ekstra behov etter folk med teknologikompetanse.

– Vi opplever verkeleg at det er ein kamp om talenta innanfor denne bransjen.

Jonas van Weert, IT-student Digitaliseringsdirektoratet

SOMMARJOBB: I Digitaliseringsdirektoratet har Jonas Hjelle Van Weerter vore med på å utforske løysingar knytte til digital identitet. Om få år skal alle innan EU/EØS ha moglegheit for å ha kontroll på sin eigen digitale identitet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tibber: – Ekstremt heit marknad

Van Weert var sjølv usikker då han valde studieretning. Til slutt fall valet på IT, då det lett lar seg kombinere med andre utdanningsretningar.

Tre år og ein bachelorgrad seinare er han ikkje nemneverdig bekymra for framtida.

– Dette er nok ein bransje kor ein ikkje kjem til å slite med å få seg jobb, spår 23-åringen.

Den spådommen kan det digitale straumselskapet Tibber skrive under på. Det norsk-svenske selskapet skildrar også ein beinhard kamp om talenta.

– Det er ein ekstrem heit marknad rundt dei som har IT-kompetanse i desse dagar. Det merkast her i Førde og hos dei andre kontora våre i Stockholm og Helsinki, seier dagleg leiar i Tibber, Edgeir Vårdal Aksnes.

Frå 100 til 200 tilsette på eitt år

I byrjinga av 2021 var det rundt 100 tilsette i bedrifta. Ved utgangen av året har desse fått ytterlegare 100 nye kollegaer.

Ein tredel av desse har IT-bakgrunn og jobbar med teknologi- og utvikling av programvare.

– Kampen står mellom etablerte bedrifter og hurtigveksande «startups». Dei treng alle talent til å bidra med vidare utvikling, seier Aksnes.

Daniel Lindén og Edgeir Vårdal Aksnes, gründerar av Tibber

VEKS: Det digitale straumselskapet Tibber er ei veksande bedrift som kjempar om dei beste talenta med IT-bakgrunn.

Foto: Johnny Vaet Nordskog / Johnny Vaet Nordskog

Samfunnsøkonomisk analyse har kartlagt behovet for og tilbodet av IT-kompetanse i den norske arbeidsmarknaden. Analyseselskapet skriv at IT-næringa er ein av dei raskast veksande næringane i landet.

Dei reknar at det er behov for 40.000 fleire sysselsette med IT-utdanning i 2030.

Får jobb før dei er ferdige

– Vår erfaring er at studentane er veldig attraktive. Dei har stort sett jobb før dei er ferdig utdanna, seier dekan ved Høgskulen på Vestlandet, Jens Kristian Fosse.

Årsaka til behovet går ut på at IT i dag går inn i det aller meste vi driv med.

– Vi ser at næringar som bank, finans og medieteknologi tilset folk med IT-kompetanse. Det gjer at det er ei breidde i arbeidsmarknaden.

NHO sitt kompetansebarometer for 2020 synte at rundt ein fjerdedel av NHO-bedriftene fortel at dei i liten grad eller ikkje i det heile teke, har dekt behovet sitt innan IT-kompetanse.

– Alle treng denne kompetansen, og difor blir studentane ettertrakta, fortel Fosse.