Hopp til innhold

Minnemonumentet etter 22. juli-terroren vart laurdag avduka i Stryn

Eit nasjonalt minnemonument for dei drepne etter terroren i Oslo og på Utøya 22. juli i fjor, vart laurdag avduka i Stryn.

Avdukinga var del av ei minnemarkering i samband med at det har gått eitt år sidan dei grufulle hendingane som skaka ei heil verd. Hanne Kristine Fridtun frå Flo i Styn var offera og i dag minnast ho i heimkommunen.

– Det var ei verdig minnemarkering, seier Nils P. Støyva som er fylkesleiar i Arbeidarpartiet og som i fjor sommar var ordførar i Stryn kommune.

Han hadde sjølv mykje å gjere med Hanne Kristine Fridtun som var AUF-leiar i Sogn og Fjordane.

– Dette er viktig for mange

Nils P. Støyva

VIKTIG: Nils P. Støyva som er fylkesleiar i Ap meiner markeringa og monumentet er viktig for mange.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var Fylkesmann Anne Karin Hamre som avduka minnemonumentet. Både ho, ordførar Sven Flo, og Khamshajiny Gunaratnam frå AUF sentralt heldt kvar sin tale til minne om dei drepne og Hanne Kristine Fridtun.

– Ein snakka om det tragiske som skjedde på Utøya og i Oslo, og om det å miste ein av sine kjære. Men ein såg også framover og alle var innom dette med demokratiet. At det norske folk og norske politikarar svarte på angrepet med eit krav om meir demokrati og openheit, fortel Støyva.

Minnemonumentet er plassert i parken like ved omsorgssenteret, ein stille stad av Stryn sentrum. Mellom 300 og 400 personar hadde møtt opp og var med på markeringa.

– Eg trur dette er viktig både for familien og for dei som kjente Hanne Kristine. Eit slikt minnesmerke er eit konkret haldepunkt, seier Støyva til NRK.no.

– Vi er ikkje heilt like oss

Han minnast ei ung jente som var veldig aktiv politisk og som hadde eit stort engasjement for alle rundt seg.

– Ho kom ofte til meg og hadde idear og tankar om korleis samfunnet kunne bli betre, seier Støyva.

Fylkesleiaren i Arbeidarpartiet ser tilbake på eit tøft år og seier det er mykje som aldri blir heilt som før.

– Den første månaden var veldig hektisk, men etter kvart har det roa seg.

– Det som skjedde har påverka oss alle saman, og vi er liksom kanskje ikkje heilt like oss, slik som vi var. Eg trur eg vil gå så langt å seie det slik, seier Støyva.

– Eg trur mange vil bruke dette

Minnemarkeringa held fram med ein minnekonsert i Stryn kulturhus laurdag kveld. Søndag blir det minnemarsj over Flofjellet som blir avslutta med ei minnegudsteneste ved skihytta på Flofjellet.

Støyva trur mange vil besøke minnemonumentet som no er sett opp i Stryn.

– Det står på ein stille stad av Stryn sentrum og her kan folk kome og minnast Hanne Kristine og dei tragiske hendingane. Eg trur nok mange vil bruke dette som ein stad for ei stille markering.

Avduka minnemonument etter 22. juli i Stryn, her med familien til Hanne Kristine Fridtun

MINNEMONUMENT: Familien til Hanne Kristine Fridtun ved sidan av minnemonumentet for dei drepne etter terroren 22. juli. Frå venstre broren David Fridtun, mor Eva O. Fridtun og far Kolbein Fridtun.

Foto: Øystein Torheim