Hopp til innhold

Energiministeren kjem til Bergen

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen kjem endeleg til Bergen for å informera om forsyningstryggleiken i regionen.

Terje Riis-Johansen, Bergen, Monica Mæland

Etter ynskje frå byrådsleiar Monica Mæland kjem Terje Riis-Johansen til Bergen for å informera om straumforsyningssituasjonen i Bergensregionen neste veke.

Foto: Kollasj

Byrådsleiar Monica Mæland bad om eit hastemøte alt i august. Tre månader seinare er ho glad for at olje- og energiminister Terje Riis-Johansen tar seg tid til å koma.

- Det har tatt tid frå me bad om møte 11. august og til me får det no 25. november, og det kan ein gjera sine tankar om, men eg er mest opptatt av at me får møtet, seier byrådsleiar i Bergen kommune, Monica Mæland.

LES OGSÅ: Departementet tause om strømkrise | Burde vært gjort for lenge siden

Mæland reagerte kraftig då pressa informerte ho om at halve Bergen kan verta mørklagt. Denne informasjonen meiner ho at Bergen kommune burde ha fått frå regjeringa og ikkje pressa.

- Me må vita kva som er straumforsyningssituasjonen i dag. Der er det jo ulike synspunkt, og me treng å få vita kva som er Olje- og energidepartementet sitt syn på dette, og ikkje minst må me vita kva tiltak me kan bruka i ein gitt beredskapssituasjon, seier ho.

LES OGSÅ: Oppretter fire sjøkabelutvalg | Mat kan gje Bergen straum