– Det vil bli heilt fullt. God gamaldags påskestemning – og som vi gler oss, fortel vert Solbjørg Kvålshaugen ved DNT-hytta Fondsbu i Jotunheimen.
I koronapåska 2020 kunne dei ikkje ta imot bestillingar, men heldt ope for oversjøiske gjester som ikkje kom seg heim.
– Påska 2021 var vi stengt grunna koronasjukdom i staben. Eg hadde min fyrste påskeferie på 25 år, fortel ho.
Påska for to år sidan var alle hytter i landet stengt. I fjor måtte dei betente turisthyttene på ny halde stengt grunna koronapandemien, mens DNT hadde eit tilbod ved ubetente og sjølvbetente hytter.
I år går det mot ei normal påske i fjellheimen. Det gler generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT), Dag Terje Klarp Solvang
– No kan dei betente hyttene våre ta imot påskegjester igjen for første gong sidan 2019, og gjett om vertskapa er klare og gler seg.
RONDVASSBU: Turisthytta Rondvassbu ligg i Rondane.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Sindre Thoresen LønnesTøffe år for reiselivet
Sjølv om det no er enklare å reise etter pandemien, ser mange ut til å bli innanlands i påskeferien også i år.
I ei undersøking NHO Reiseliv har fått utført svarer 85 prosent av dei spurte at dei skal ha påskeferien i Noreg.
Det er det høgste talet som er målt sidan organisasjonen starta undersøkinga i 2014.
Også handelsorganisasjonen Virke har spurt nordmenn kva dei skal i påska 2022. Her svarar fire av ti har planar om å ta påskeferie i år, og meir enn halvparten av desse på hytte i Noreg.
Merkar stort trykk
Undersøkinga frå NHO Reiseliv viser også at 7 prosent av oss har planar om å bu på hotell. Det er det høgste målte talet sidan undersøkinga starta i 2014.
Ved Hotel Alexandra i Loen seier hotellsjef Richard Grov at dei er tilbake i ein normalsituasjon.
– Dei to føregåande påskene har ikkje vore noko særleg å skryte av. I påska i år ser det til ut at vi har stort trykk, og vi har mange bestillingar, seier han.
Etter to påsker der pandemien i stor grad har hindra nordmenn i feriere, er reiselivsnæringa no letta over at nordmenn vil på påskeferie:
– Det betyr enormt mykje. Mange har slite hardt økonomisk og nærast vore fråteke store delar av marknaden. Det seier kommunikasjonssjef Merete Habberstad i NHO Reiseliv.
– Vi har mange fridagar. Mange vil bruke dei på skiopplevingar, på hytta eller nær andre destinasjonar. Og i år er jo alle desse gjenopna, seier Habberstad.
KJÆRKOME: God påsketrafikk betyr mykje for reiselivsaktørane etter koronapandemien, seier Merete Habberstad i NHO Reiseliv.
Foto: Milana Knezevic / NRKLurt å sjekke kva som er ledig
Tilbake i fjellheimen er enkelte raske med å bestille overnatting på dei påskeopne hyttene, medan andre nok ventar litt, fortel Dag Terje Klarp Solvang i DNT.
Det betyr at nokre hytter alt har mange bestillingar, mens det i andre framleis er god plass.
– Så her er det berre å sjekke kva som er ledig og kaste seg rundt for å planlegge, seier generalsekretæren i DNT.
På turisthytta Fondsbu i Jotunheimen kjem det mange stamgjester, både par, familiar og einslege – og folk i alle aldrar.
– Men det er alltid plass for umelde gjester, fortel turistvert Solbjørg Kvålshaugen.
PÅSKESTEMNING: Allereie 20. mars var det påskestemning ved Fondsbu i Jotunheimen.
Foto: Solbjørg Kvålshaugen / Fondsbu