Hopp til innhold

Endeleg får vestlendingane sommarvêr: – Veldig lei regnet

Medan Austlandet har hatt rikeleg sol dei siste dagane, har vêret på Vestlandet vore ei våt affære. Men i helga er det meldt 25 grader og vestlendingane gler seg.

Sol
Foto: Kees Fjellvang / NRK

Kajakkar, grillar og hagemøblar: Alt skal fram frå gløymselen på tampen av ein regntung sommar.

– Eg er veldig lei, vi ventar på varmen, fortel Fithawit Hadish i Førde om alt regnet som vestlandet har fått i sommar.

Fithawit Hadish og jentene gler seg over godt helgevêr.

Endeleg: Jentene gler seg over at det endeleg skal bli litt varmare i vest.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Men til helga treff sommarvarmen vestlandet og 25 varmegrader kjem til å stå på gradestokken.

– Det blir nok ein god del sol til dei fleste, seier statsmeteorolog Magni Svanevik.

Tidleg på dag vil både laurdagen og søndagen få litt låg skodde langs kysten som vil sprekke opp utover dagen og gå over til sol.

Varmare austanfjells:

– Der er det venta temperaturar opp mot 30 grader, det blir ikkje fullt så varmt på Vestlandet, fortel Svanevik.

I Oslofjorden er det opp mot 20 grader i vatnet. Same temperatur er det i sjøen ved bystranda i Kristiansand. Der er det venta sol og lufttemperaturar opp mot 27 grader i helga.

Både Sørlandet og Austlandet har tørt og varmt vêr i vente gjennom helga. Det er dei allereie godt klimatiserte for, ulikt både vest- og nordlendingen om ein ser på vêret dei siste vekene.

Frå i går har meteorologane sendt ut gult farevarsel om skogbrannfare for Austlandet og delar av Sørlandet.

– Det har vore ein tørr og fin sommar der, i motsetnad til Vestlandet, seier Svanevik.

Les også Venter årets lengste varmeperiode

Bading og soling ved Landfalltjern i Drammen

Framleis fuktig i Nord-Noreg

Enno må ein enkelte stadar i Nord-Noreg ha tolmod med vêret, for framleis er det venta noko nedbør i starten av helga.

– Der er det venta kuling på kysten og regnbyer både laurdag og søndag før vêret lettar utover søndagen, seier Svanevik.

I Vest-Finnmark har det vore gult farevarsel om kraftige vindkast som er venta å minke utover fredagskvelden.

Men det verste regnvêret skal vere forbi, lovar meteorologen og viser til nedbørsmengdene som har vore langs Helgelandskysten.

Les også Venter enorme nedbørsmengder før stort sykkelritt: Flere farevarsel er sendt ut

Det blir vått i nord.

Klare for finvêr

Bodil Bruland Viken og Marit Nikø padlar kajakkar langs elva Jølstra i Sunnfjord, men vil ikkje sei at dei er leie av det våte vestlandsvêret som har vore.

Likevel må dei innrømme at dei gler seg over temperaturane som er i vente:

– Ein vaknar veit du, det blir meir liv og fart i oss, seier Bruland Viken frå kajakken.

Bading, padling eller bærplukking, dei to damene står ikkje i fare for å gå tom for aktivitetar, sjølv i regn.

– Eg vert ikkje vêrsjuk, men når sola skin då må eg ut, seier Nikø.

Bodil Bruland Viken og Marit Nikø planlegg for ei helg med kajakk og god stemning.

IKKJE VÊRSJUKE: Langs elva padlar to hardføre vestlendingar, men likevel: Det skal bli godt med litt godvêr innrømmer dei.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK