Hopp til innhold

Elveis kan skapa flaum

Det er usedvanleg mykje is på elvane i fylket denne vinteren.

Is på Gaula

Is på Gaula

Foto: Terje Vallestad

- Dei som bur nærast elva kan jo oppleva at det demmer seg opp is, og ein skjønar jo kva som skjer då. Nedover langs elva er det fleire fossar, og dei som bur nedst vil eventuelt få det, seier Terje Vallestad.

- Meir is enn normalt

Han har aldri i sitt liv opplevd så tjukk is som denne vinteren i elva Gaula på Sande. Her er også vasstanden svært lav, og fleire har mista drikkevatnet sitt .

- Opplevinga me fekk då me reiste ned til hovudelva for å finna vatn var overraskande. Me prøvde fyrst med øks, men det gjekk ikkje. Så tok me motorsaga fatt, fyrst ein, så to gonger. Då var det 10 til 15 centimeter klaring under isen i hovudelva. Det hadde eg aldri i mitt liv trudd eg skulle oppleva.

Det er meir is enn normalt på elvane i fylket i år, ifølge Norges vassdrags og energidirektorat. Eit mildvær kan dermed no føre til ei rask vassføringsauke -
noko som vil seie at isen i elva demmar slik at vatnet står høgare, og renn over. Og mildvær- det melder meterologane frå helga av, fortel Tone Kristin Taule i vervarslinga på vestlandet.

Kysten særskild utsett

- Spesielt frå søndag får me pålandsvind og aukande temperatur. Spesielt på dagtid vert det på plussida på mange stader, særskild i lågareliggjande områder i ytre strok. Det er jo mykje is allereie, så her kan det nok verta overvatn.

Det er spesielt ved kysten at det kan bli lokale oversvømmingar i næraste framtid, det seier Seniorrådgjevar i NVE i region vest, Leif Jonny Bogetveit.

- Når ein får veldig rask vassføringsauke, kan isen demma og laga lokala flaumar ennkelte stader. Men dette er veldig lokal bestemt om det vil skje, og i fyrste omgang vil det berre skje i lågtliggjande vassdrag nær kysten.

- Korleis vurderer du sjansen for vårflaum?

- Vårflaumen er langt unna for dei store vassdraga. For dei små vassdraga på kysten kan det verta vår- eller vinterflaumar.