Hopp til innhold

70 cm tjukk is på Gaula

Og det er berre femten centimeter med vatn under isen.

Is på Gaula

Isen er svært tjukk på Gaula, og Terje Vallestad har aldri sett noko liknande.

Foto: Terje Vallestad

- Eg har aldri sett så lite vatn nokonsinne, seier Terje Vallestad.

Stålis

Is på Gaula

Motorsag måtte til for å klare å kome gjennom isen på Gaula.

Foto: Terje Vallestad

Han gjekk ned til elva for å få tak i vatn til heimen, men kom ikkje særleg langt.

- Det er 70 centimeter med tjukk is i sjølve elveløpet. Det er heilt utruleg, seier han.

Han har, saman med to andre, ein brønn dei får vatnet sitt frå. Men den har vore tom i fire dagar, og dermed ville dei prøve å få pumpa vatn frå elva og opp i brønnen.

Ligg tjukk i elveløpet

- Men vi saga i to omgangar med motorsag, og måtte deretter slå oss gjennom resten av isen. Så tjukk er han. Og det er i elveløpet, seier Vallestad.

Han seier det ikkje var mykje vatn å hente under den tjukke isen heller.

- På det djupaste er det vel mellom ti og femten centimeter med vatn. Og det er ikkje særleg mykje.

Tina snø på vedomnen

I dei dagane familien har vore utan vatn, og dei henta vatn hjå bror til Vallestad.

- Vi har jo måtte gjere det på gamlemåten. Og vi får ikkje vaska klede eller vaska opp noko særleg. Vi har også tina snø i kjele på vedomnen inne slik at vi skulle ha til det mest naudsynte, seier han.

Vallestad seier vassmangelen snart vert eit kjempeproblem.

Uroa for vassmangelen

- Vi klarte å få vatn i brønnen, men det er jo andre som slit. Dei som har gardsbruk treng mykje vatn til dyra sine.

Han er også uroa for yngelen i elva.

- Når det er så kaldt at isen ligg tjukk og det nesten ikkje er vatn att i elva er det eit stort problem for yngelen. Eg trur det er mykje yngel som kjem til å ryke, seier han.