Hopp til innhold

Ellevte strake siger for Jotun

32–28. Med dei sifra sikra Jotun sin ellevte siger, og ein god start på juleferien. No håper klubben på opprykkskvalifisering.

Olafur Sveinsson og Jotun i timeout

HALVVEGS UTAN POENGTAP: Trenar Olafur Sveinsson si oppfølging av dei unge spelarane får mykje av æra for at Jotun har vunna alt så langt i år. Bildet er frå kampen mot Kjøkkelvik 1. desember.

Foto: Siren B. Svortevik

Laget er no akkurat halvvegs i sesongen. Med elleve strake sigrar toppar dei avdelinga si, og ligg godt an til å få spele kvalifisering.

Torstein Kvam

FORNØGD HALVVEGS I SESONGEN: Sportsleg leiar i Jotun Torstein Kvam. (Arkivfoto)

Foto: Siren B. Svortevik

– Me i styre og stell har sagt me vil vere blant dei fire beste i serien. Jentene vil på kvalik, seier sportsleg leiar Torstein Kvam. Han er godt nøgd med det laget har prestert så langt i år.

Sårbar stall

Før sesongen vart det gjort store omveltingar i laget.

– I fjor hadde me 70 prosent utanlandske spelarar. I år er ni av tolv i stallen frå Årdal, seier han.

Det kan vise seg å vere eit lurt trekk for klubben som ynskjer å etablere seg som ein stabil fyrstedivisjonsklubb.

– Men det er tøft på ein liten stad som Årdal. Me er sårbare med ein så liten stall som me har no.

For laget har berre tolv spelarar i stallen denne sesongen. Utanom dei ni frå Årdal er Leikanger, Ungarn og Polen representerte.

Hadde ingen opprykksambisjon

– Det er på tide at me får ein juleferie no. Me har hangla siste kampane, men det har halde til siger kvar gong, fortel Kvam.

Etter fem strake sigrar i årets sesong snakka spelarane om at dei håpte på ti . Den tiande kom mot Kjøkkelvik 1. desember.

Klubben hadde ingen opprykksambisjon då sesongen starta, fortel Kvam. Men med hjelp av den islandske trenaren Olafur Sveinsson har dei unge spelarane utvikla seg godt. Sveinsson kom tilbake til Jotun før denne sesongen, etter nokre års pause .

– Dei andre klubbane har frå tre tap og oppover, så me er dei einaste som har vunne alle, seier Kvam, vel vitande om at klubben framleis ikkje har møtt alle laga i avdelinga enno.

– Dei andre laga ser ut til å slå kvarandre, så eg trur dette skal gå bra, seier han.

Tre veker ferie

Om laget vinn si avdeling får dei vere med å spele kvalifisering til fyrste divisjon. Kvalifiseringa blir gjennomført som ei turnering der dei seks avdelingsvinnarane møtes, og dei tre beste rykkjer opp.

No tek laget tre veker juleferie, før dei varmar opp til andre halvdel av sesongen med to kampar mot fyrstedivisjonslaget Hønefoss i starten av januar.

– Me treng tre veker ferie no. 12. januar møter me førehandsfavoritten Os på heimebane, fortel Kvam.

I siste kamp før juleferien var det Fyllingen som fekk merke opprykksviljen til Jotun. Rebecca Brun Steinheim og Marianne Stedje Øren noterte seg for sju mål kvar i kampen.