Hopp til innhold

Jotun vann lokaloppgjeret

Jotun vann 26-22 over Førde i 2. divisjon handball no i kveld.

Jotun - Førde

LOKALOPPGJER: Jotun og Førde møter kvarandre i 2. divisjonshandball i kveld.

Foto: Helena Elise Dokken / porten.no

Jotun-damene leia 12-7 til pause i lokaloppgjeret.

Utover i 2. omgang hadde Jotun kontroll på kampen. Årdølene leiar no 2. divisjonsavdelinga med ni strake sigrar.

I følgje porten.no var det tett og jamt mellom dei to rivalane i første omgang, og Førde hang absolutt med utover i kampen.

Etter pause fekk Førde inn fleire raske mål, og kunne lett ha teke att leiinga til Jotun. Men årdølene synte kven som leiar ligaen, og sikra til slutt sigeren. Dermed er dei enda nærare kvalifiseringsspel til nytt opprykk til 1. divisjon.

Førde-trenar Øyvind Indrebø hadde sjølv stor suksess med Jotun, men hadde lova å prøve å slå årdalslaget i kveld. Men han måtte innsjå at sogningane var sterkast på bana.

Han har ikkje vore tilgjengeleg for ytterlegare kommentarar i kveld. Det har heller ikkje Jotun-nestor Torstein Kvam. Men til Sogn Avis skryt han stort av Jotun-trenar Olafur Sveinsson. Han har nemleg i følgje avisa vunner 20 kampar på rad som Jotun-trenar.

– Det er ein utruleg statistikk. Det har alt å sei for oss å ha ein trenar som "Olli", seier sportsleg leiar Torstein Kvam til Sogn Avis etter kampen.