Elleve nye smitta i Øygarden

Søndag kveld melder Øygarden kommune at elleve personar har fått påvist korona. Til no har 105 personar fått påvist smitte i kommunen. Ein av dei er elev ved Stranda skule, noko NRK skreiv om tidlegare sundag. 56 elevar blir derfor sette i karantene.