Hopp til innhold

Elevar undervist på do: No kuttar kommunen utbygging av ny skule

I fjor måtte elevar med spesielle behov bruka eit toalett som klasserom. No protesterer lærarar og foreldre mot at den etterlengta skuleutbygginga blir redusert kraftig.

Storebø skule: klasserom med toalett

KLASSEROM PÅ DASS: Toalettrommet vart brukt til norskundervisning for framandspråklege. No vil lokalpolitikarane kutta nybyggplanane kraftig.

Foto: Leif Rune Løland

Barneskulen i kommunesenteret i Austevoll er trong og manglar helsegodkjenning. Det har gjort arbeidskvardagen krevjande både for lærarar og dei 340 elevane.

I fjor haust fortalde NRK om dei forholda, til dømes at eit toalett vart brukt som klasserom for elevar med spesielle behov.

Sidan den gongen har det blitt utarbeidd planar for ei omfattande ombygging og utviding av skulen.

Prislappen er 232 millionar kroner pluss moms.

Men kommunen har dårleg råd. Etter lokalvalet i haust har det nye formannskapet derfor vedtatt å kutta utbyggingsplanen til 160 millionar kroner.

– Skulen manglar det meste

No protesterer foreldre og lærarar.

– Eit 70-millionars kutt vil bety at noko ikkje kjem til å bli bygd, og då vil det gå ut over ungane. Me vil jo sjølvsagt at ungane skal få best mogleg skule.

Det seier fungerande FAU-leiar, Marie Dåvøy.

– Skulen har i dag mangel på klasserom, mangel på grupperom, og manko på det meste.

Marie Dåvøy

Fungerande FAU-leiar Marie Dåvøy meiner kommunestyret må snu i saka.

Foto: Privat

Ho viser til at Austevoll kommune har ei lang historie med å bygga Storebø skule for liten.

Med aukande elevtal vart skulen frå 1950-åra stadig trongare. Ei utviding i 2016 vart redusert, rett før kommunestyret vedtok å legga ned fleire andre skular.

Dermed vart den nybygde skulen nesten umiddelbart for liten.

– Politikarane må ikkje gjenta same feil og nok ein gong laga ein trong skule med eit lappeteppe av naudløysingar. Det må ungane lida for, og me må til med ny utbygging om ti år, meiner Dåvøy.

Ønskjer klasserom med god luft

Også rektor Vibecke Storebø er kritisk til det politiske vedtaket.

– Eg synest det er kjempetrist, veldig trist. Me har jobba intenst og mykje, og det er veldig gode prosessar, som me byrja på i 2020. Der har me innarbeidd kva me treng og ønsker. Så me hadde verkeleg håp om at me gjorde jobben ein gong for alle. No er me redde for at me berre får halvparten av det me ønskjer.

Storebø skule - brakker

Brakker og andre klasserom med dårleg inneluft har i fleire år vore kvardagen for elevar og lærarar ved Storebø skule.

Foto: Leif Rune Løland

Ho reknar opp kva skulen vil få for 232 millionar kroner:

– Me får rett og slett ein moderne skule, som har gode kvalitetar. Ny gymsal med garderobar. Tjue gode klasserom som har god luft, og som heng saman, og ikkje er plassert rundt om i brakker. Grupperom til alle, og plass til barn med særskilt behov. Nytt skulekjøkken som blir helsevern-godkjent. Plass til kulturskulen. Me får plass til SFO, med toalettfasilitetar, noko me ikkje har i dag. Eit kontorbygg, som har plass til alle lærarar. No sit me opp til fire på tomannskontor.

– Og viss utbygginga blir kutta til 160 millionar?

– Det spørst korleis dei vil kutta. Kanskje må me framleis ha små klasserom i brakka som ikkje er helsevern-godkjende.

– Korleis har det gått med «klasserommet på do»?

– Det er framleis i bruk, ikkje til undervisning, men som avlastingsrom for elevar med særskilde behov, seier rektoren.

Bente Kari Sletten Taranger, Høgres ordførar i Austevoll

Ordførar Bente Kari Sletten Taranger (H) seier kommunen må kutta, også i skuleinvesteringa.

Foto: Privat

– Mange sinte foreldre

Saka skal avgjerast i kommunestyremøtet 12. desember.

Tysdag klokka 17 kalla rektor inn til foreldremøte der alle dei politiske partia var inviterte.

Dei to einaste som hadde stadfesta at dei ville komma, var varaordføraren frå Framstegspartiet og gruppeleiaren til Høgre.

– I kveld kjem det til å vera ganske mange sinte foreldre, trur eg, seier FAU-leiar Dåvøy.

– Eg kan jo forstå at det kan vera litt skummelt for politikarane å stå framfor hundrevis av foreldre og prøva å snakka fornuftig. Men det er jo jobben deira, og her har dei teke ei avgjerd som me meiner er feil.

– Ordføraren har eg ikkje høyrt noko frå, men ho er invitert, sa rektoren før møtet.

– Jo, eg kjem, seier Høgre-ordførar Bente Kari Sletten Taranger til NRK.

Ho tykkjer saka er vanskeleg.

– At me ikkje klarer oss å få på plass det ønsket som foreldre og skule og me sjølve har, synets eg er vanskeleg. Men eg har ikkje problem med å stå for at me må gjera dette på grunn av økonomi.

– Sjølv om resultatet blir halvgodt og ei dårlegare løysing for born og lærarar?

No får eg håpa at det ikkje blir halvgodt, men at me får til eit prosjekt til slutt som me alle kan vera nøgde med, seier Taranger.

Les også Elevar på denne skulen må ta i bruk toalett som klasserom

Storebø skule