Hopp til innhold

Elektrisk varmeteppe tok fyr i senga til 97 år gamal kvinne

ÅRDAL (NRK): Politiet set no i gang full etterforsking etter at eit varmeteppe tok fyr i ein omsorgsbustad. Den eldre kvinna døydde, men det er uvisst om brannen er årsaka.

Årdal bu- og omsorgssenter

POLITISAK: Politiet etterforskar hendinga som skjedde ved dette bu- og omsorgssenteret i Årdal kommune.

Foto: KAIA JOHNSEN VIKI / NRK

Sundag morgon tok det til å ulme i varmeteppet i senga til den 97 gamle kvinna. Ho var bebuar på eit bu- og omsorgssenter i Årdal kommune, og tilsette som kom inn på rommet blei møtt av kraftig røyk.

– Dei tilsette fekk kvinna ut av senga. Ho hadde fått i seg ein del røyk og blei frakta til sjukehuset i Lærdal. Allmenntilstanden var i utgangspunktet ikkje god før hendinga, og eitt døgn etter døydde ho på sjukehuset, seier regionlensmann Inger Lill Lanes.

Politiet etterforskar saka og ventar på obduksjonsrapporten og det er uvisst om brannen i teppet er årsaka til dødsfallet.

– Vi veit ikkje om dødsfallet har samanheng med brannen. Ein obduksjon vil vise om dødsfallet skuldast røykskadar, seier Lanes.

Det var både varmetøflar og eit elektrisk varmeteppe i senga til kvinna i 90-åra då det tok til brenne, opplyser politiet.

– Vi skal snakke med tilsette ved omsorgssenteret, og sjå på rutinar ved bruk av varmeteppe, seier Lanes.

Har lagt ned forbod mot varmeteppe

Rett etter hendinga la leiinga ved Årdal bu- og omsorgssenter ned eit forbod mot bruk av varmeteppe.

– Vi vil handheve forbodet fram til politiet er ferdig med si etterforsking, så må vi sjå på om det er andre tiltak vi kan gjere, seier Helen Koldal, som er kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal kommune.

Kommunalsjefen seier dei tilsette gjorde alt etter boka, men at dei likevel vil sjå på rutinane sine.

– Bu- og omsorgssenteret er bemanna heile døgnet. Vi har faste brannøvingar fleire gonger årleg, og dei tilsette handla etter boka. Vi skal gjere det vi kan for å redusere risikoen for at dette kan skje igjen, seier ho.

– Kan i verste fall vere brannfeller

Frå 2016 og fram til oktober 2018 har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap registrert seks brannar i bygg, der varmepute- eller teppe er brannårsak.

– Brukt på feil måte, eller bruk av eldre varmeteppe som er slitne, kan i verste fall vere brannfeller, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen.

Anne Rygh Pedersen

LES BRUKSRETTLEIINGA: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen ved DSB ber alle lese bruksrettleiinga til elektriske produkt.

Foto: DSB

Ho legg vekt på at ein må lese bruksrettleiinga til produktet.

– Det viktigaste er å bruke produktet rett. Blant anna er det nokre av varmeteppa ein ikkje skal bruke når ein ligg på dei. Ved bruk er det ekstremt viktig å lese bruksrettleiinga, seier Pedersen.

Det er eit råd som Norsk brannvernforening støttar.

– Les og følg bruksrettleiinga. Bytt ut elektriske produkt når dei er i ferd med å bli slitne, seier Rolf Søtorp, som er dagleg leiar ved Norsk brannvernforening.