– Det er alvorlege mengder med boss som ligg langs kysten no, og staten gir ikkje nok midlar til å rydde det opp, seier skipper på seglskuta Loyal, Stein Arve Olsen.
I førre veke var skuta i aksjon då Fjordane Friluftsråd og elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule rydda strendene på øyane utanfor Florø.
– Det er ikkje dugnadsviljen til folk som er i vegen for å få rydda strendene, det er midlane for å få det til å gå rundt, seier Olsen.
Johannes Bolstad er koordinator i Fjordane Friluftsråd, og jobbar med Rydd Sogn og Fjordane.
I 2020 fekk prosjektet 3 millionar kroner av Klima- og miljødepartementet.
– Men det er klart at med meir midlar får vi rydda meir. For det er mykje meir som skal til for å få heile kysten rein, seier han.
Etterlyser nasjonal plaststrategi
– Vi treng ein nasjonal plaststrategi for å minimere både plastforbruk og -avfall. Vi brukar for mykje plast og på feil måte, seier Fredrik Myher, marinbiolog og seniorrådgjevar i WWF.
Han viser til at 94 prosent av plasten som hamnar i havet søkke til botn, og at vi berre ser toppen av isfjellet.
– I dag er plasten designa for eit eingongsforbruk. Dette må endrast, slik at plasten kan bli resirkulert og brukt om att. Den einaste måten å få til dette på er å stille mykje strengare krav til dei som produserer og importerer plast i Noreg, forklarar Myher.
– Behov for betre tiltak
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) skriv i ein e-post til NRK at det er viktig å understreke at myndigheitene ikkje har eller skal ta ansvar for all opprydding av marin forsøpling.
– Men myndigheitene har ansvar for å vurdere tiltak og verkemiddel som skal førebyggje at forsøpling skjer, legg han til.
Miljødirektoratet gir årleg ut 70 millionar kroner til ulike oppryddingstiltak.
Regjeringa arbeider no med ein revidert strategi som skal sjå på heile livsløpet til plast.
– Der kjem vi både med status for aktuelle tiltak og nye grep for å løyse problemet, skriv Rotevatn.
Ser ein forskjell
Mari Tvedten Engeland og Jan Bergesen er elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule. Den siste veka har dei vore om bord i Loyal og plukka avfall langs strendene.
– Det er gøy å kunne rydde plast og anna avfall for ein god sak, seier Engeland.
Men dei har også fått kjenne på kroppen kor mykje tre tonn med avfall er.
– Det er slitsamt å skulle plukke så store mengder med boss, men eg ser ein forskjell, og det er det viktigaste, seier Bergesen.