Hopp til innhold

– Folk frå heile verda kjem til å kome hit

Dei har ein heilt spesiell grunn til å vere glad for den nye gondolbana i Stryn.

Basehoppa framfor dronninga som sit i gondolen

– Dette vil sette norsk luftsport på det internasjonale kartet, seier Roger Atle Kårstad som er aktiv i det norske luftsportsmiljøet.

Denne veka opna Loen Skylift, gondolbana som skal frakte folk 1011 meter over havet til toppen av fjellet Hoven i Stryn.

Kårstad er ikkje i tvil om at den nye gondolbana vil føre til meir turistar til Norge og Sogn og Fjordane.

Opp på fem minutt

Mobilbilde fra Bidra

PÅ PLASS: Denne veka blei Gondolbana som skal frakte folk 1011 meter over havet i Loen, offisielt opna.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

At luftsportsentusiastar no kan kome seg til toppen av fjellet Hoven på fem minutt, trur Kårstad vil vise igjen i den vesle bygda i Stryn.

– Det blir utan tvil meir aktivitet no. Men også i resten av Sogn og Fjordane, trur eg. Folk vil nok få auga opp for andre fjelltoppar Sogn og Fjordane.

Overraska dronninga

Også Tom Erik Heimen trur den nye gondolbana vil føre til at fleire får opp auga for luftsporten.

– Vi kan få opp kvaliteten, og ikkje minst erfaringsnivået til mange hopparar raskare, seier Tom Erik Heimen.

Sjølv har han hoppa frå fjelltoppar i Wing Suit i 17 år, og trur det vil bli mykje luftsportsaktivitet frå Hoven framover.

Han var sjølv til stades under opninga av gondolbana i Loen denne veka.

Saman med Jan Tore Solberg, overraska han dronning Sonja som var på veg opp med gondolbana under den offisielle opninga. Som ei overrasking, flaug fem basehopparar forbi dronninga inne i gondolen (sjå video).

– Eg snakka med dronninga etterpå og ho takka for underhaldninga og sa det var utruleg flott å sjå på, seier Heimen.

Unike forhold

Tom-Erik Heimen

BASEHOPPAR: Tom Erik Heimen har hoppa med Wing Suit i 17 år og trur det blir stor aktivitet frå Hoven i sommar.

Foto: World Base Race

Både Heimen og Solberg, seier at Hoven er ein ypparleg plass å drive luftsport.

– Fjellet i seg sjølv er veldig unikt, og når vi får denne tilkomsten blir det heilt spesielt, seier Solberg.

Han fortel at allereie dagen etter den offisielle opninga, er det fleire som har møtt opp for å teste forholda.

– Det er ingen tvil om at det vil bli mykje folk her framover. Eg veit om folk som allereie denne veka planlegg å ta turen, seier han.

– Tryggare

Som regel må dei som driv med luftsport ta til takke med å gå timevis til toppen med mykje utstyr.

Jan Tore Solberg meiner gondolbana kan gjere sporten tryggare for folk.

– Det blir lettare å ta avgjerda med å reise ned igjen om det er for dårlege forhold, og vi kjem til å ta færre sjansar.

At ein kan hoppe inn i ein gondol for å komme seg til toppen, vil gjere at ein kan ta meir eitt hopp om dagen, seier Heimen.

300 millionar blir investert i å lage den nye turistattraksjonen Loen Skylift i Nordfjord