Men først etter eit par år med meir laks i mellomstorleiken, vil det bli mykje storlaks igjen. Etter at lakselus har gjort stor skade på laksebestanden, var det lite lus på årgangen som vandra ut i 2002. Denne kjem igjen som storlaks frå neste år av. I år er det igjen laks i mellomstorleik som dominerer fangstane, seier fiskeforvaltar hjå Fylkesmannen, Eyvin Sølsnes.
Lite oppdrettslaks
Sølsnes seier det er gledeleg at det har vore ein ny sesong med svært lite fangst av oppdrettslaks. Men lange periodar med låg vassføring i elvane har nok ført til at ein større del av laksen er teken i sjø.