Av
Avtroppande styreleiar i Lutelandet utvikling og ordførar i Fjaler, Arve Helle, er godt nøgd med arvtakaren. - Vi har stor entusiasme lokalt, men vi treng ein god døropnar som har kontaktar innan både industri og politikk. Eg trur dette kan bli svært nyttig for oss, seier Helle.
Jan Balstad. Arkivfoto NRK
Var handelsminister
Og det er ein profilert næringslivsaktør som Lutelandet utvikling no får med på laget. Balstad var handelsminister på slutten av åttitalet, men er kanskje mest kjend som mangeårig nestleiar i LO. Etter avgangen frå LO i 2001 har han arbeidd for forskingsstiftinga FAFO.
Solid nettverk
Gjennom desse verva har Balstad opparbeidd seg eit solid nettverk, særleg innan LO og Arbeidarpartiet, eit nettverk som Lutelandprosjektet håpar å dra vekslar på.
Samarbeid med Treholt
Men det skal ikkje leggast skjul på at Jan Balstad er ein omstridd person. Særleg storma det rundt Balstad då han for nokre år sidan dreiv forretningsverksemd i lag med Arne Treholt i Russland. Selskapet han då var styreformann i fekk eit millionlån av SND samstundes som han sat i styret for SND.
Arve Helle
Helle er ikkje bekymra
Stortinget refsa SND for behandlinga av søknaden, og skifteretten truga Balstad med arrest då han unnlet å møte på skiftesamling etter at selskapet gjekk konkurs. Men dette bekymrar ikkje den avtroppande styreformannen i Lutelandet utvikling, Arve Helle. - Dette ligg langt tilbake i tid, og det kom ikkje noko spesielt ut av det heller, seier Helle.