Hopp til innhold

Viktig dag for Førdefjorden

Motstandarane av gruveplanane i Vevring er spente på tilrådingane som to direktorat legg fram i dag.

Demonstrasjon7

SPENTGE MOTSTANDARAR: Anne-Line Thingnes Førsund (t.v.) er på plass i Oslo.

Foto: Wilhelm Støylen

Det er Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Direktoratet for naturforvalting som i dag skal legge fram sine syn på sjødeponi i Førdefjorden. Tilrådingane frå desse to etatane blir viktige når Miljøverndepartementet skal ta endeleg avgjerd i saka.

  • Du kan følgje pressekonferansen på nettsida til Klif.

– Kan bli avgjerande

Anne-Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe er spent før møtet. Ho trur konklusjonane i dag blir avgjerande.

– Eg trur svaret frå desse instansane kan medverke til korleis dei norske fjordane skal forvaltast heretter.

Planane om eit fjordeponi i Førdefjorden er svært omstridde. Nordic Mining vil vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal og 140 millionar kubikkmeter overskotsmasse kan bli dumpa i fjorden dei neste 40-50 åra.

(Artikkelen held fram under biletet).

Fjorddeponiet i Førdefjorden

FJORDDEPONI: Slik er det planar om å deponere overskotsmasse frå ei eventuell gruvedrift.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

– Ventar at dei frårår fjorddeponi

Klokka ni i føremiddag legg Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvalting, fram sine syn på saka.

– Vi ventar at dei vil rå frå at det blir sett i gang nye fjorddeponi i Norge, og vi ventar at dei vil forhalde seg til den maritime ekspertisen som har uttalt seg og som frårår fjorddeponi, seier Anne-Line Thingnes Førsund.

Fleire tunge faginstanar i havnæringa har nemleg gått imot eit deponi i fjorden. Synspunkta som kjem fram i dag er ein del av grunnlaget når Miljøverndepartementet skal ta den endelege avgjerda om gruveselskapet får etablere seg i Vevring.

LES OGSÅ: Fire etatar saman mot fjorddeponi

LES OGSÅ: Frårår fjorddeponi i Førdefjorden

LES OGSÅ: Vil bryte lova for Engebøfjellet


Thingnes Førsund skal vere til stades på møtet i Oslo i dag.

– Dette blir slaget om dei reine norske fjordane, og biletet verda har av dei kjølege, rike, reine norske fjordane som er grunnlaget for sjømatnæringa, for reiselivsnæringa og all busetnad i kyst-Norge.

Miljødepartementet kan ikkje seie noko om når ei endeleg avgjerd i saka kjem.