Det opplyser Helse Bergen på nettsida si søndag føremiddag.
I tillegg får to andre personar same behandling. Den eine av dei er over 65 år.
I alt er seks personar innlagde med koronasmitte ved sjukehuset. Det er det same talet som dagen før. Dette talet har ifølgje Helse Bergen halde seg nokolunde stabilt siste tida.
Vil ikkje seie noko
Helse Bergen vil søndag ettermiddag ikkje seie noko meir om kor vidt barnet som no får intensivbehandling har underliggjande sjukdom.
– På grunn av teieplikt og ønskje frå pårørande, kan vi ikkje seie noko om tilstanden eller alderen, seier seniorrådgjevar Aleksander Valestrand i kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Søndag er det 12 innlagde ved sjukehusa i Helse Fonna. Tre personar mellom 18 og 64 år får intensivbehandling på Haugesund sjukehus.
Ny smittetrend i Bergen
Smittetala har lenge vore relativt låge i Bergen, men fekk ein ny oppsving frå onsdag denne veka, med ein førebels topp på 44 smitta torsdag.
Samstundes har testtala slått alle rekordar og var torsdag på 3408 personar.
Søndag var talet på nye smitta nede på 24.
Totalt har 23 barn mellom 0 og18 år fått påvist koronasmitta den siste veka i Bergen. 14 av dei er mellom 6 og 12 år, eitt barn er under 6 år, og åtte er over 13 år.
Det største smitteutbrotet no er i gruppa 20–29 år og tilknytt studentmiljø. Desse har vore aktive på både treningssenter og i kyrkjesamfunn, opplyser kommunen.
Stenger treningssenter
Laurdag kveld vedtok byrådet å stenge alle treningssenter i Bergen etter eit utbrot på eit treningssenter i sentrum.
– Foreløpig har vi ikkje fått den store tredje bølga her i Bergen. Vi jobbar nå iherdig med å forhindre den og håper at dette tiltaket bidrar til det, seier byrådsleiar Roger Valhammer.
41 personar blei sett i karantene fredag etter å ha trent i same gruppetimar som ein person som fekk påvist smitte ved eit anna treningssenter.
Delar av smitteutbrotet heng saman med smitta i bedehusmiljø på Askøy og Øygarden, ifølgje smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim.