Hopp til innhold

«Vi frykta 1. divisjon som svartedauden»

Det blei med ein sesong ute av toppen for Brann. Les kommentator Oddgeir Øystese sitt farvel med 1. divisjon.

Brann - Hødd. Hødd vann, brann rykka opp.

Søndag spelte Brann sin siste kamp i 1. divisjon mot Hødd.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Gjennom tiår med Brann har vi frykta 1.divisjon som svartedauden. Så ille var den ikkje.

Det er alltid med ei forventning om at det kan bli ille ein førebur seg til Brann-kamp i Trondheim. Sånn var det jo i år og. Men ellers var det lite som var som vanleg.

I staden for Rosenborg på Lerkendal måtte Brann til ei kunstgrasbane som knapt hadde tribuner. Ein kamp der Brann sleit seg til 0-0 mot Ranheim står for meg som symbolet på året i OBOS.

Det er jo litt eksotisk å spele på Levermyr og Ski stadion.

Oddgeir Øystese

Gløym Rosenborg!

For Brann var nøgde med uavgjort mot Ranheim. Gløym Rosenborg! Dei er i ei anna verd. Året på nest øvste nivå er eit knallhardt møte med verkelegheita. Brann er ikkje eit topplag. Brann var ikkje på veg mot noko stort. Brann kan ikkje rundspele smålag frå bygd og bydeler. For Brann er det ein god prestasjon å forsvare seg til uavgjort mot Ranheim.

Det var slett ikkje så gale med eit år i 1. divisjon når først Brann fekk opp dampen. 15 strake kampar uten tap gjer noko med humøret, uansett om motstandaren er Strømmen eller Lillestrøm. Det er jo litt eksotisk å spele på Levermyr og Ski stadion.

Alle er glade for at vi no skal attende til eliten. Men til våren vert det vonleg få som trur Brann skal kjempe om medalje.

Oddgeir Øystese

Få som vonleg trur det blir medaljekamp

Sesongen vart ikkje ein tragedie. Det er skapt ein slags ny entusiasme etter at interessa dalte år for år med plasseringar midt på tabellen i Tippeligaen. Brann har teke ein restart. Sportssjef, dagleg leiar og trenar er nye. Ny er og innstillinga til dei som går på Stadion. Det er ei erkjenning av at Brann er ei verd vekke frå Rosenborg og Molde.

Alle er glade for at vi no skal attende til eliten. Men til våren vert det vonleg få som trur Brann skal kjempe om medalje. Det tek tid å bygge det stabile topplaget Bergen fortener. Kanskje kan vi glede oss over nye kamper der vi forsvarer oss til bortepoeng mot mindre lag.