Eirik (29) trudde han ikkje var attraktiv på jobbmarknaden. Slik fekk han fast jobb

Psykisk sjuke kjem seg lettare ut i arbeidslivet med personleg hjelp frå Nav, viser forsking. – Eg blir sett som ein ressurs, seier Eirik Nesthus.

NAV

FULL JOBB: Eirik Nesthus jobbar i dag fulltid på treningssenteret Family Sports Club i Åsane.

Foto: Therese Pisani / NRK

Eirik Nesthus (29) frå Steinsdalen i Hardanger merka at noko ikkje var som det skulle då han studerte psykologi i Australia for tre år sidan.

Etter kvart byrja det å balle på seg med psykosar. Seinare fekk han stadfesta at han hadde den alvorlege psykiatriske diagnosen schizofreni.

– Det var nesten litt ironisk, seier han.

Den alvorlege diagnosen gjorde han aktuell for Nav sitt tilbod om individuell jobbstøtte (IPS).

Fekk seg jobb på eiga hand

Det er ein metode som er utvikla for å hjelpe personar med moderat til alvorleg psykisk sjukdom eller rusproblem ut i ordinær jobb.

Gjennom tilbodet fekk Eirik ein jobb som bartenderassistent på ein nattklubb i Bergen. Han flytta så vekk for ein periode, og når han kom tilbake byrja han å søke jobbar på eiga hand.

Då kom lærdomen frå Nav til god nytte.

I dag jobbar 29-åringen fulltid på eit treningssenter i Åsane, og går dermed inn i ein gledeleg statistikk.

Den nye studien frå forskingsinstituttet Norce viser nemleg at dei som får individuell jobbstøtte klarar seg betre i arbeidslivet i etterkant enn dei som får tradisjonelle arbeidstiltak.

– Med ein slik tung diagnose, tenker ein ikkje på seg sjølv som attraktiv på arbeidsmarknaden. Men i IPS blir du sett som ein ressurs, seier han.

Eirik Nesthus kastar sandposar i lunsjen saman med kollega Arne Eilertsen.

SOSIALT: Eirik Nesthus kastar sandposar i lunsjen saman med kollega Arne Eilertsen.

Foto: Therese Pisani / NRK

Positiv effekt samanlikna med tradisjonell tilnærming

Studien vart utført som eit randomisert forsøk, der ein delar inn personar, som alle ønskte individuell jobbstøtte tilfeldig inn i to grupper.

Den eine gruppa fekk individuell jobbstøtte, medan den andre fekk nytte seg av meir tradisjonelle tiltak, som til dømes arbeidstrening, der ein jobbar gratis med støtte frå Nav for å opparbeide seg arbeidserfaring.

Deretter vart deltakarane fylgd opp i 43 månader.

På den måten, kunne ein samanlikne dei to gruppene, og resultata kan sei noko om årsakssamanhengar.

– Vi fann at dei som fekk individuell jobbstøtte er meir i jobb enn kontrollgruppa, som ikkje fekk tilbodet, også på lengre sikt, seier ein av forskarane bak studien, Karin Monstad.

Etter 43 månader hadde 19,6 prosent av personane i kontrollgruppa ordinær jobb. Tilsvarande tal for dei som fekk tilbod om individuell jobbstøtte, er 32,6 prosent.

– Vi veit frå tidlegare studiar at IPS har god effekt for å få deltakarane ut i arbeidslivet, men denne studien viser at tilknytinga til arbeidslivet varar ved på lengre sikt, seier Monstad.

Forskar Karin Monstad er ein av forfattarane bak studien om langtidseffektane av individuell jobbstøtte.

FORSKAR: Karin Monstad er ein av forskarane bak studien om langtidseffektane av individuell jobbstøtte (IPS).

Foto: Therese Pisani / NRK

– Gledeleg å få stadfesta

Individuell jobbstøtte har vore teken i bruk i mindre pilotprosjekt sidan 2013, men regjeringa satsa nasjonalt på tiltaket i 2017.

Eitt av prinsippa er at arbeid er ein integrert del av behandlinga. Tiltaket er difor eit samarbeid mellom pasient, Nav og spesialisthelsetenesta.

– Jobb gir tilhøyre og fellesskap, så om vi klarar å minimere den tida nokon står utanfor, så trur eg vi kjem på lang veg, seier jobbspesialist Amila Suljevic Melle i Nav.

Ho samarbeider i eit tverrfagleg team med behandlar. Saman jobbar dei tett med deltakaren for å finne draumejobben.

– Vi oppsøker arbeidsgivarar, så vi jobbar på ein meir proaktiv måte, seier ho.

Dei bidreg med oppfølging og hjelp til blant anna kartlegging av kompetanse, søknadsskriving, førebuing til jobbintervju og kontakt med arbeidsgjevarar.

Eirik meiner at Nav-tiltaket motiverte han mykje.

– Dei seier heile tida at dei ser på deg som ein ressurs. Det er ein veldig god feedback å få, seier han.

Eirik

JOBB: Eirik Nesthus (29) skaffa seg jobb på eiga hand etter at han fekk personleg oppfølging frå Nav.

Foto: Therese Pisani / NRK

Tett oppfølging

Når jobben er funnen, får deltakaren tett oppfølging for å meistre den nye kvardagen og stå i jobben.

Melle trur det å finne den riktige jobben er éin av suksessfaktorane.

– Når folk får lov til å jobbe med det dei har interesse for og trivst med, så blir dei lengre i jobb og presterer betre, seie Melle.

Ho er godt nøgd med resultata frå den nye studien.

– Det er gledeleg å få stadfesta at dei klarar seg godt, også etter at vi har trekke oss ut, for det er jo alltid noko vi lurer på, seier ho.

Amila Suljevic Melle er jobbspesialist i NAV.

SAMARBEID: Amila Suljevic Melle er jobbspesialist i Nav, og samarbeider tett med pasienten for å finne draumejobben, der det er mogleg.

Foto: Therese Pisani / NRK