– Vi har sikra oss støtte frå Frp. Det er no fleirtal for tilbodet sånn som det ligg. I det store og heile blir det ingen endringar, seier Guro Angell Gimse (H), som er saksordførar for jordbruksoppgjeret i næringskomiteen på Stortinget til avisa Nationen, som omtalte nyheita først.
Tilbodet til bøndene i jordbruksoppgjeret blir dermed ståande.
Kravet frå Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag låg på over 2 milliardar kroner. Sistnemnde braut forhandlingane med staten allereie 6. mai. I dagane etterpå var det store demonstrasjonar frå norske bønder.
– Veldig skuffande
Anders Felde, leiar i Vestland bondelag, er skuffa over utfallet.
– Det er kanskje ikkje veldig overraskande, samtidig er eg veldig skuffa. Vi har jobba inn mot Frp tidlegare og forsøkt å få dei til å bidra med å løfte originaltilbodet som vi sa nei til. Det er veldig skuffande at dei ikkje bidrar til å løfte norsk jordbruk. Dei hadde moglegheita, men valte å ikkje bruke det, seier Felde til NRK.
Dermed blir tilbodet på 960 millionar kroner ståande. Det er under halvparten av kravet frå Noregs Bondelag.
– Vi meiner likevel det var verdt brotet. Vi har fått fokus på bøndene sine vilkår for å produsere mat, som ikkje er gode nok, og vi har fått stor støtte frå befolkninga. Så vi vil bruke dette brotet for å løfte norsk matproduksjon i framtida, seier Felde.
– 1200 bruk i fare
– Det er ingen satsing, seier leiar i Sunnfjord Bondelag, Geir Støfring.
Han er skuffa over Frp si avgjerd og fryktar for framtida til fleire bruk.
– Ein må legge ned 1200 bruk. Det betyr at fleire bønder må slutte. Vi har ikkje råd til å lønne inn folk og heller ikkje oss sjølve, fortel Støfring.
– Det betyr at ein må bruke alle pengane ein har til å kjøpe diesel, gjødsel, måling til fjøset, innreiing og alt ein trenger. Det betyr ingen løn og det er veldig vanskeleg å motivere ungdom og framtida på at dette er fornuftig, seier han.
Angrar ikkje på brotet
Leiar for Bondelaget i Rogaland, Marit Epletveit, meiner at oppgjeret blei som forventa.
Som Felde, forsvarar ho at dei valde å bryta forhandlingane.
– Bøndene treng eit skikkeleg inntektsløft, derfor var det rett å markera seg no. Så håpar eg at landbrukspolitikk kan vera ei av hovudsakene fram mot valkampen, seier Epletveit som er bondelagsleiar i eit av dei største landbruksfylka i landet.
SVs nestleiar og landbrukspolitiske talsperson, Torgeir Knag Fylkesnes, er ikkje nøgd med tilbodet til bøndene blir ståande.
– Høgresida vender ryggen til jordbruket og einaste håp no er eit nytt raudgrønt fleirtal. Skjer det, vil SV ta til orde for eit ekstraoppgjer for å sette ei ny utvikling for jordbruket. Der skal vi tette inntektsgapet og legge strategien for sjølvberging for å ta jorda tilbake i bruk, seier Torgeir Knag Fylkesnes.
Landbrukspolitisk talsperson i MDG, førstekandidat i Vestfold og økobonde, Harald Moskvil, er også kritisk til dagens politikk.
– Tilbodet frå regjeringa og Frp no er einige om viser tydeleg alt som er gale med landbrukspolitikken. Bøndene får så lite betalt for maten dei produserer at det går utover helsa deira, helsa til dyra og helsa til kloden. Slik kan det ikkje halde fram, seier Moskvil.
Ønsker ny landbrukspolitikk
Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, meiner landbrukspolitikken i Noreg er utdatert.
– Dagens jordbrukspolitikk held stø kurs for nedlegging av store delar av jordbruks-Noreg, noko vi ser altfor tydeleg i Nord-Noreg og på Vestlandet. Bruk av norsk dyrka jord verdsettast ikkje og gror igjen, seier ho, og legg til:
– Vi må ha ei ny retning for landbrukspolitikken vår slik at det er lønnsamt for bonden å bruke dei små og store jordteigene sine, sjølv om dei ikkje er dei mest rasjonelle. Vi må ha ein landbrukspolitikk som er tilpassa det landet vi lever i. Dermed trenger vi fleire bønder, meiner Hoff.
Fryktar for rekrutteringa
Konrad Kongshaug, leiar i Møre og Romsdal Bondelag, seier han er overraska over at politikarane ikkje ser alvoret i det som no skjer i landbruket.
– Dette viser at politikarane på Stortinget ikkje skjønar dei utfordringane som næringa står overfor. Kostnadsveksten er formidabel og innteninga står i ro, seier han.
Kongshaug fryktar for rekrutteringa til næringa og meiner at dagens semje sender eit negativt signal.
– Det er mange som vil, men når signala år etter år er at du får stadig dårlegare kompensasjon for jobben du gjer, og du må jobbe mykje meir enn ein vanleg lønnsmottakar, så seier det seg sjølv. Du må snart vere totalt idealist for å gå inn i næringa. Eg fryktar for talet på bruk dersom dette held fram.
– Vi har ikkje mange år på oss til å snu trenden, så det er viktig at det skjer noko snart. Vi må ta ein kraftig diskusjon sjølv i næringa på korleis vi får snudd dette, men vi må også få politikarane til å skjønne alvoret, seier Kongshaug.