Éin sakna etter skytedramaet

Ein person frå fylket er framleis sakna etter skytedramaet på Utøya i går kveld.

Nils P. Støyva
Foto: NRK

– Ein ufatteleg tragedie, seier fylkesleiar i Arbeiderpartiet Nils P Støyva.

For Støyva og dei pårørande til dei fem ungdomane frå fylket som var på sommarleiren til AUF på Utøya, har det vore ei vanskeleg natt.

Framleis er det ein av dei fem som ein ikkje veit kvar er.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle oppleve noko slikt, seier Støyva.

Fire av fem i tryggleik

Etter det NRK Sogn Sogn og Fjordane kjenner til skal fire av dei fem ungdommane frå fylket vere i god behald. Ein person er sakna.

Støyva er i dag varsam med å kommentere, men stadfestar at personar frå fylket er sakna.

– Eg har i natt vore i kontakt med pårørande og kan seie at fleire er i god behald, men at det også er sakna frå Sogn og Fjordane, seier Støyva.

80 drepne på Utøya

Dei fem AUF-politikarane frå Sogn og Fjordane kom ved 17.30-tida i fredag ettermiddag midt opp i skotdramaet på Utøya i Oslo.

650 ungdommar var samla på AUF sin sommarleir då ein mann forkledd som politi byrja å skyte vilt rundt seg.

Fleire la på svøm over Tyrifjorden, andre kom seg om bord i båtar. Mange gøymde seg i buskene på øya.

Opprettar beredskap

– Eg vil no i morgontimane ta kontakt med dei aktuelle kommunane, og opprette ein beredskap for oppfølging av dei råka.

– Vi skal gjere alt vi kan for å følgje opp familiane på ein best mogleg måte, seier Støyva.