Hopp til innhold

Ein person stadfesta død etter brann i Måløy

Politiet stadfestar at ein person er funnen død etter brannen i Måløy. Dei reknar med at det er den sakna mannen i 60-åra som er funnen.

Brann i Måløy

BRANN I MÅLØY: Politiet fekk melding om brannen i Gate 1 i Måløy rundt klokka halv seks.

Foto: Eva Westvik / NRK

– Røykdykkarane har gjort eit funn av ein død person inne i leilegheita, seier lensmann Nils Bakke i Vågsøy.

Politiet fekk melding om brannen i Gate 1 i Måløy rundt klokka halv seks. Dei fortalde då at dei ikkje hadde fått kontakt med ein av dei som bur i leilegheita det brann i.

No er altså ein person stadfesta død etter brannen.

Ein person er stadfesta omkomen etter at det byrja å brenne i ei leiligheit i Måløy i Vågsøy.

SJÅ VIDEO: Brannen vart meldt i seks-tida fredag morgon. I 12.30-tida var brannen sløkt. (FOTO: Eva Westvik/NRK)

Bakke seier at dei antek at det er den sakna mannen i 60-åra.

– Vi har ikkje fått stadfesta at det er den sakna, og det vil vi ikkje få før obduksjonen over helga. Vi reknar med at det er den sakna, men kan ikkje seie det sikkert før vi har ein identifikasjon.

Brann i Måløy

SLØKKEARBEID: Huset det har brent i er både eit næringsbygg og eit bustadhus.

Foto: 03030-tipsar

Dei pårørande er varsla

Den sakna budde ikkje aleine i leilegheita, men ingen av familiemedlemmane var heime. Dei pårørande er no varsla om likfunnet.

– Den sakna budde i leilegheita saman med familien, men resten av familien var bortreist i helga, seier Bakke.

Politiet veit førebels lite om brannårsaka.

– Den kan vi ikkje sei noko om. Det er store brannskadar og vi vil truleg ikkje få tatt ei skikkeleg undersøking før over helga.

Lensmann Nils Bakke

EIN PERSON BEKREFTA DØD: Fortel lensmann Nils Bakke.

Foto: Eva Westvik / NRK

Driv framleis ettersløkking

– Det er framleis litt røykutvikling. Det brenn ikkje opne flammar lengre, men brannvesenet vil nok måtte drive ettersløkking i fleire timar framover, seier Bakke.

Brann i Måløy

AVSPERRA: Politiet veit framleis ikkje kva som starta brannen.

Foto: Eva Westvik / NRK

Huset det har brent i er både eit næringsbygg og eit bustadhus. Brannen har truleg starta i ei av leilegheitene. Den leilegheita var lenge overtent, og det gjekk lang tid før røykdykkarane klarte å ta seg inn i huset.

Lensmann Nils Bakke fortel at det har vore fare for at røyken spreier seg til nabobygga.

– Vi har prøvd å hindre det. Vi har stengt av ventilasjonsanlegga i nabobygga, og lukka alle vindauga.

I 12:30-tida melder politiet at brannen er sløkt, men det er framleis ein brannbil i beredskap om brannen skulle blusse opp att.

Brann i Måløy

BRANN I MÅLØY: Ein person er stadfesta død

Foto: Tipser