Hopp til innhold

Kurt Oddekalv er død: – Han var ein bauta i miljørørsla

Miljøaktivisten Kurt Oddekalv omkom måndag etter å ha gått gjennom isen på eit vatn i Bergen. Vener og kollegaer er i sjokk.

a_ENxYx9T9E

1993: Kurt Oddekalv brøt ut fra Naturvernforbundet og startet Norges Miljøvernforbund i mai 1993.

Foto: Rune Petter Ness / NTB
PARIS, FRANKRIKE 20151211. Kurt Oddekalv i Norges miljøvernforbund deler ut kondomer med "dont´t fucke the climate" både til politi og publikum den siste dagen under FNs klimakonferanse COP21 i Paris 2015

PARIS: Kurt Oddekalv deler ut kondomer med "dont´t fuck the climate" både til politi og publikum den siste dagen under FNs klimakonferanse COP21 i Paris i 2015.

Foto: Berit Roald / NTB
WMupcTUgQuw

«STINKBOMBE»: Kurt Oddekalv med «stinkbombe»-markering under åpningsdagen for Aqua Nor 2011. Plastbokser med meget illeluktende oppdrettsslam ble plasserte rundt i lokalene.

Foto: Ned Alley / NTB
Kurt Oddekalv snakker med journalister utenfor Stortinget. Norges Miljøvernforbund presenterte sin gasskraftmelding - en miljømessig, økonomisk og politisk strategiplan for norsk gasskraft inn i år 2000.

1996: Kurt Oddekalv snakker med journalister utenfor Stortinget. Norges Miljøvernforbund presenterte sin gasskraftmelding - en miljømessig, økonomisk og politisk strategiplan for norsk gasskraft inn i år 2000.

Foto: Berit Roald / NTB
Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund (t.v.) i samtale med leder i Norsk Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, før NVEs presentason av nasjonal ramme for vindkraft på land.

2019: Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund (t.v.) i samtale med leder i Norsk Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, før NVEs presentason av nasjonal ramme for vindkraft på land i 2019

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund og miljøvernminister Torbjørn Berntsen var i formiddag på Lysaker skole, hvor de la frem en handlingspakke for bedre kildesortering i skoler og bedrifter.
Scan-Foto: Cornelius Poppe

KILDESORTERING: Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund og miljøvernminister Torbjørn Berntsen i 1997 på Lysaker skole, hvor de la frem en handlingspakke for bedre kildesortering i skoler og bedrifter.

Foto: Cornelius Poppe / NTB
Kurt Oddekalv i samtale med statssekretær Johannes M. Nakken i Fiskeridepartementet

1999: Kurt Oddekalv i samtale med statssekretær Johannes M. Nakken i Fiskeridepartementet

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
AKSJON: Kurt Oddekalv viser frem smittet smolt under en aksjon i lærdalselva i 1997.

AKSJON: Kurt Oddekalv viser frem smittet smolt under en aksjon i lærdalselva i 1997.

Foto: Per Svein Reed / NTB
SOMMERLEIR: Miljøkriger Kurt Oddekalv (t.h), lekser opp om maktmennesker for Anders Anundsen formann i Fpu og Paal Kapstad.

SOMMERLEIR: Miljøkriger Kurt Oddekalv (t.h), lekser opp om maktmennesker for Anders Anundsen formann i Fpu og Paal Kapstad i 1998.

Foto: ROAR VESTAD / NTB
ULV: Forbundsleder i Norges Miljøvernforbund Kurt Oddekalv (t.v.) i Namsretten i Oslo i 1999. Sosiolog Åge Simonsen til høyre. Norges Miljøvernforbund klaget fellingstillatelsen for en ulv i Finnmark inn for retten.

ULV: Forbundsleder i Norges Miljøvernforbund Kurt Oddekalv (t.v.) i Namsretten i Oslo i 1999. Zoolog Åge Simonsen til høyre. Norges Miljøvernforbund klaget fellingstillatelsen for en ulv i Finnmark inn for retten.

Foto: Knut Falch / SCANPIX

Naudetatane rykka ut til Bahusvatnet på Kalandseidet i Bergen i ettermiddag. Då undersøkte dei om ein person hadde gått gjennom isen på vatnet.

Klokka 17.44 bekrefta politiet at det er gjort funn av ein omkomen etter aksjonen.

Måndag kveld klokka 21.52 går politiet ut med at det miljøaktivisten Kurt Oddekalv som vart funne død i vatnet.

Namnet er gitt ut i samråd med pårørande. Oddekalv vart 63 år gamal.

– Det presiseres at familien ber om ro i tida framover. Familien vil også koma med ein uttale i løpet av dei nærmaste dagane, skriv politiet i pressemeldinga.

Oddekalv har i fleire tiår vore ein markant person i miljørørsla. Han var leiar av Noregs Miljøvernforbund som han stifta i 1993.

Gjennom isen i Bergen

UTRYKKING: Politiet, brannvesenet, ambulansen og ein luftambulanse rykka ut til Bahusvatnet i kveld.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Nær venn: – Han var ein bauta

– Me er i sjokk i heile forbundet. Me stå saman om dette, og æra ein stor mann, seier Arne Roger Hansen, regionleiar for Miljøvernforbundet i Midt-Noreg.

Han fortel at dei var gode vener, og at dei ofte treftest.

– Me klikka saman med ein gong. Han var ikkje berre sjefen min, men ein god ven. Dette er ein trist dag for alle oss i Miljøvernforbundet, seier Hansen.

Gustav Bahus, leiar i Vestland Frp, har vore ein nær venn av Oddekalv lenge. Han har kjent miljøaktivisten sidan ungdomsåra.

– Dette er ufatteleg trist. Tankane mine går til familien. Oddekalv var ein bauta i miljørørsla og sette fokus på mange viktige ting i samfunnsdebatten, seier Bahus til NRK.

SOMMERLEIR: Miljøkriger Kurt Oddekalv (t.h), lekser opp om maktmennesker for Anders Anundsen formann i Fpu og Paal Kapstad.

SOMMARLEIR: Miljøkrigar Kurt Oddekalv (t.h), lekser opp om maktmenneske for Anders Anundsen formann i FpU og Paal Kapstad.

Foto: ROAR VESTAD / NTB

Statsråden: – Har mista ei tydeleg stemme

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier det var ein trist beskjed å få.

– Oddekalv hadde eit livslangt miljøengasjement. Han var ein utradisjonell type som skapte mange kontroversar, men engasjementet for naturen var utrettelig. Miljørørsla har mista ei tydeleg stemme, skriv Rotevatn.

Nestleiar i Miljøpartiet dei Grøne, Arild Hermstad, skriv på Facebook at Oddekalv var ein kompromisslaus miljøforkjempar.

– Han inspirerte meg og mange andre til kamp for naturen, mot oppdrettsnæringa, motorvegar, dårlege vindkraftprosjekt og mykje meir.

– Vi var ikkje alltid samde i alle saker, men han var hundre prosent ekte i sitt engasjement. Han har via heile livet sitt til å snakke naturen si sak, skriv Hermstad.

Politikar og miljøforkjempar Tom Sverre Tomren er også i sorg.

– Det blir eit stort tomrom no. Han var ein pioner og ein bauta, seier Tomren til NRK.

– Han tok på seg ei rolle som miljøprofet. Det kosta noko for han, men det har vore utruleg viktig for samfunnet og samfunnet si forståing av miljøproblemstillingane.

Kurt Oddekalv ledet aksjonistene fra Norges Miljøvernforbund som i mars 2006 tok seg om bord i en mudringslekter som skulle fjerne giftslam fra sjøbunnen i Indre Oslofjord og frakte det til et dypvannsdeponi ved Malmøya.

MILJØKRIGAR: Kurt Oddekalv leia aksjonistane som i mars 2006 tok seg om bord i ein mudringslekter som skulle fjerna giftslam frå sjøbotnen i Indre Oslofjord og frakte det til eit djupvassdeponi ved Malmøya.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Såg spor i snøen

Politiet vart varsla etter at nokon ringde inn etter å ha sett spor på isen.

– Nokså raskt etter naudetatane kom til staden vart det gjort funn i ei isråk. Vedkomande vart raskt frakta opp og til land, men vart dessverre erklært død av mannskap frå ambulansen på staden, fortalde innsatsleiar Ørjan Djuvik i politiet.

Innsatsleiar Djuvik opplyser om at det berre gjekk eitt sett med spor ut mot råka der den omkomne vart funne.

Brannvesenet har hatt både dykkarar og personell på overflata. Det var overflatereddarane frå brannvesenet som fann avdøde.

Om lag 18:25 trakk brannvesenet sine ressursar tilbake.

Luftambulanse ved Bahusvatnet der Oddekalv døde

STOR AKSJON: Også luftambulansen rykka ut til hendinga i Bahusvatnet måndag ettermiddag.

Foto: Marte Fredriksen / 03030-tipser