Hopp til innhold

Ein av tre kommunar manglar tømmestasjon for bubil

SOTRA (NRK): Når fleire skal på bubilferie i år, står 141 kommunar utan tømmestasjonar til kloakk og skitent vatn. Bubiltopp fryktar mange vil tømma skiten i vegkanten.

Helga og Einar Sleire tar ut toalettanken på bubilen sin.

VATN OG AVLØP: Helga Sleire let ofte ektemannen Einar ta seg av tømminga av toalettanken på bubilen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Eg opplevde det som veldig vemmeleg. Tenk deg korleis det ser ut om du tømmer doen din, eller eit par potter ein plass, fortel Helga Sleire.

I løpet av mange år som aktiv bubilturist og styreleiar av Norsk bobilforening region Vest har ho sett eitt og hitt langs vegen. Slik som søl frå tankane for kloakk og skite vatn frå andre bubilar.

For, sjølv om det står i forureiningslova at alle kommunar skal ha tømmestasjonar der campingturistane kan bli kvitt spillvatn og kloakk frå vogner og bilar, er det på langt nær alle som har det.

Ein av tre kommunar mangler tømmestasjon

Ein gjennomgang NRK har gjort av tømmestasjonane som er oppført på bobilplassen.no, viser at 141 av 356 kommunar manglar ein plass der ein kan kvitta seg med skiten som samlar seg opp når ein er på ferie.

I og med at lange feriar til utlandet går ut i år, kjem truleg mange til å la fridagane gå langs vegane denne sommaren.

Hjå Finn.no var det i underkant tre gongar fleire søk på «bobil» i mai i år enn kva det var i fjor. Kombinasjonen av orda «leie» og «bobil» har floge oppover i søkestatistikken.

– Eg håpar og kryssar fingrane for at ikkje det blir gris i år. No har alle lært så mykje om at dei skal vaska hendene. Då må dei skjøna at alt anna må vaskast også, seier Sleire.

bobil, campingferie, Arne Magnus Remø, Kirsti Marie Remø, Bjørn Lie, Kjell Harald Lie

IDYLL: For mange blir bubilen det som reddar ferien i år.

Foto: Nils-Atle Sundnes

Gode pengar i å vera attraktiv

– I enkelte kommunar tenkjer dei at dei ikkje vil ha bubilturistar på besøk. Dei prioriterer ikkje tømmestasjonar.

Det seier Anita Hokholt Engh, fagsjef i Norsk Bobil og Caravan Club. Ho trekk fram at det er ekstra viktig å ha mogelegheit til å tømma skite vatn og kloakk i år, når så mange skal på noregsferie.

– Undersøkingar viser at dei som reiser rundt i bubilar og campingvogner legg igjen opp mot 1700 kroner i snitt i døgeret. Så lenge det finst tømmestasjonar risikerer dei heller ikkje at folk tømmer tankane sine andre stadar, seier Engh.

Anita Hokholt Engh

LEGG ATT PENGAR: Anita Hokholt Engh trekk fram at det kan vera ei god investering for kommunane å leggja til rette for campingturistar.

Foto: PRIVAT

Har ikkje kome så langt endå

Nye Alver kommune er ein av dei 141 kommunane som ifylgje bobilplassen.no ikkje har tømmestasjon. Verken Meland, Lindås eller Radøy, som Alver er slått saman av, har hatt det, skriv Avisa Nordhordland, som også har omtala problematikken.

– Me har ikkje valt å ikkje få det plass, men me har ikkje tømmestasjon endå.

Det seier Arne Helgesen, avdelingsleiar for samferdsel, veg, vatn, og avløp i Alver.

Kommunen har tidlegare vurdert å leggja ein slik stasjon på den gamle ferjekaien i Knarvik, men fann ut det var for dårleg plass der. No som tre kommunar er blitt ein, kan det likevel henda at det kjem tømmestasjon.

– Me skal gå gjennom planane til dei tidlegare kommunane fram til september. Dette blir eit av punkta me skal ta opp i planane, seier Helgesen.