Hopp til innhold

Eden (37) skal nå fram til innvandrarar på deira eige språk

No får innvandrarar med helsefagleg bakgrunn opplæring for å kunne informere om pandemien på sitt eige språk. – Ingenting tyder på at språk har vore hovudproblemet, meiner Frp.

Sjukepleiar Eden Gebremichael.

GRUPPELEIAR: Eden Gebremichael er gruppeleiar for dei etiopiske og eritreiske deltakarane i kurset. Kurset er eit samarbeid mellom hjelpeorganisasjonen Caritas, Bergen kommune og Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Det er eit veldig interessant og nyttig kurs. Det er viktig for å kunne spreie informasjon vidare til andre.

Eden Gebremichael (37) jobbar til vanleg som sjukepleiar på Haukeland universitetssjukehus.

Ho er opphavleg frå Eritrea, og er no gruppeleiar for dei eritreiske og etiopiske deltakarane i «pandemikurset».

Eit kurs der innvandrarar med helsefagleg bakgrunn lærar om koronaviruset, symptom på covid-19, korleis viruset spreier seg og korleis det kan bli slått ned.

Blir helseambassadørar

Kurset som blir haldt av ekspertar frå Pandemisenteret, har hatt over 100 påmelde deltakarar.

Deltakarar som fullfører kurset, får tittelen helseambassadør.

Dei blir dermed kvalifiserte til å formidle informasjon om pandemien på vegner av norske helsemyndigheiter.

– Målet er at vi skal lære av kvarandre for å kunne gje best mogleg informasjon, seier Esperanza Diaz Perez, som er professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.

– Manglande ansvarskjensle

Personar med innvandrarbakgrunn har vore overrepresentert i statistikken over koronasmitta og innlagde på sjukehus, samanlikna med norskfødde, viser tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Det var lenge spekulert i om tronge heimar, utsette yrke og andre sosioøkonomiske faktorar var hovudforklaringa på den høge smitten blant innvandrarbefolkninga.

Ei ny rapport frå FHI tydar på at slike faktorar har hatt mindre å sei enn det som har vore antatt.

Innvandringspolitisk talsmann Jon Helgheim i Frp meiner at rapporten indikerer at innvandrarar i mindre grad har tatt ansvar for å følge smittevernreglane.

– Rapporten peikar på lågare tillit, at ein i mindre grad held sosial avstand, og det er å peike på lågare ansvarskjensle, sa han under Politisk Kvarter tysdag.

Helgheim hevdar samtidig at språk har hatt lita betyding for den høge smitten blant innvandrarar.

Fremskrittspartiets landsmøte 2020

KRITISK: Jon Helgheim er kritisk til byrådet i Oslo, som han meiner har halde fast på sosioøkonomiske årsaker som hovudforklaring til høgare smitte blant innvandrarbefolkninga.

Foto: Berit Roald / NTB

Kulturforskjellar kan forklare

Overlege Trude Arnesen frå FHI, som er éin av forfattarane bak rapporten, avviser påstanden.

– Det er ingenting i rapporten som tilseier at innvandrarar har mindre ansvarskjensle.

FHI veit framleis for lite om årsakene til dei store forskjellane.

– Vi har sett på utdanningsnivå, inntekt, yrke og kommune, og det forklarar litt, men ikkje alt. Det kan vere komplekse samanhengar som vi ikkje ser.

Helseambassadør Eden Gebremichael opplev imidlertid at mange ikkje har hatt kjennskap til smittevernreglane.

– Informasjon når ikkje inn, dersom den ikkje blir forstått godt.

Ho trur at kulturforskjellar kan forklare noko av den høge smitten blant innvandrarar.

– I mange innvandrarkulturar er det vanleg å samle mange, for eksempel når nokon døyr. Då kjem mange til og vil hjelpe i sorga, og sjølv om ein trur at ein held smittevernreglane, har ein likevel eit stort tal nærkontaktar i løpet av ei veke.

lxxmPxzNp_c

SPRÅKBARRIERER: Personar med innvandrarbakgrunn har vore overrepresentert i statistikken over koronasmitta og innlagde på sjukehus. Overlege Trude Arnesen ved FHI meiner at språkbarrierar blant innvandrere kan ha spelt ei rolle.

Foto: Berit Roald / NTB

Ifølge Arnesen har språkbarrierar spelt ei rolle, men også kva plattformer informasjon blir formidla på.

– Mykje av informasjonen har vore skriftleg, men mange har trengt å få informasjon munnleg og frå nokon dei kan stole på, seier ho.

Ho trur at slike som Eden vil spele ei viktig rolle i pandemien.

– Dei er brubyggarar som representerer både det norske helsevesenet og den gruppa dei prøvar å nå. Så den doble legitimiteten er veldig viktig.

– Har ikkje nådd godt nok ut

Byråd Katrine Nødtvedt (MGD) for kultur, mangfold og likestilling vedgår at Bergen kommune ikkje har lukkast å nå ut til alle.

– Vi ser at det ikkje er alle grupper vi klarer å nå ut til med informasjon i tilstrekkeleg grad. Vi ser eit behov for målretta kommunikasjon, særleg mot dei som ikkje har norsk som morsmål.

Helsebyråd Beate Husa (KrF) trur helseambassadørane blir spesielt viktige no i pandemien sin siste innspurt.

– Vi vil at så mange som mogleg skal ta vaksinen, og då må dei vere trygge på at dei kan nok til å ta informerte val.

Helsebyråd Beate Husa.

NØGD: Helsebyråden i Bergen kommune, Beate Husa, meiner frivillig innsats har vore ein viktig faktor i pandemien.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK