Hopp til innhold

E39 stengt etter røykutvikling frå vogntog lasta med nitrogen

Det oppstod røykutvikling frå eit vogntog på E39 mellom Matre og Oppedal tysdag morgon. Vogntoget var lasta med nitrogen, melder Vest politidistrikt.

Det var ikkje meldt om lekkasje frå tanken, men politiet oppretta tryggingssone på 100 meter i området ved Haugsvær i Masfjorden.

Jernfjelltunnelen på E39 vart stengt som følgje av hendinga, men opna igjen klokka 09.26. Køyretøyet er fjerna frå staden.

I september i fjor var Jernfjelltunnelen stengt i fleire dagar etter bilbrann.