Hopp til innhold

E39-stenginga skaper problem for naudetatane – ambulansar må køyre omvegar

Trafikkaoset etter vasslekkasjen i Sandviken får konsekvensar for sjukehus og naudetatar. – Dette viser kor sårbare vi er når ei av dei viktigaste trafikkårene i Noregs nest største by blir stengd.

Politibil i kø på E39

KØ: Køar etter vasslekkasjen skaper også problem for naudetatane. Denne politipatruljen freista å kome seg fram på E39 onsdag morgon.

Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix

Etter eit vassleidningsbrotet natt til onsdag fossa 750.000 liter vatn nedover ei skråning i Sandviken i Bergen. Vatnet har hola ut grunnen under E39, som raskt blei stengt. Det har skapt store problem i trafikken med lange køar i Åsane og på Hardangervegen.

Særleg ambulansar og andre utrykkingskøyretøy kan få problem når hovudfartsåra E39 er stengt.

– Når køane står vil det påverke utrykkingstida. Det er viktig at folk slepp ambulansane fram, seier Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør ved Haukeland universitetssjukehus.

Omkøyringsvegen for ambulansar er over Munkebotn, ein smal veg med dårleg asfalt, men brei nok til at ambulansane kjem fram.

Politiet har rundt klokka 15.30 opna opp ein ny omkøyringsveg for ambulansen gjennom gamle Bergen. Ein bom sperra vegen, men politiet har opna denne slik at ambulansen kan køyra forbi.

– Det står folk på staden, så ikkje kven som helst kan køyra forbi, seier Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Vannledningsbrudd Sandviken E39

SKADESTEDET: Det er dette området på E39 i Sandviken man har vært redde for kunne rase ut.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Bemannar opp legevaktene

I Åsane og i Nordhordland har legevaktene bemanna opp for å ta imot pasientar som elles ville blitt sendt til Haukeland eller Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Både naudetatane og Haukeland sjukehus har no møter om korleis dei skal løyse beredskapen utover dagen.

– Vi riggar oss til for å best mogleg dekning. Men om trafikken står bom fast, er det klart at det kan påverke ambulansar og andre utrykkingskøyretøy, seier Vigander.

Kø i Åsane etter at E39 ble stengt på grunn av vannlekkasje i Sandviken i Bergen

PROBLEM: Det er framleis lange køar i Åsane onsdag føremiddag.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Bergen brannvesen har måtta lagt planar for kor dei kan køyre om dei må rykke ut.

– Vi har omdisponert bilar og passar på at alle innbyggjarar er dekka, seier brigadeleiar Hans Petter Nilsen.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Vestland seier dei følgjer med på kva vasslekkasjen får å seie for ambulansetransport og trafikkflyt.

Han meiner situasjonen er alvorleg.

– Dette viser kor sårbare vi er når ei av dei viktigaste trafikkårene i Noregs nest største by blir stengd. Konsekvensane blir store når noko slikt skjer.

Erik Vigander

BEREDSKAP: Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør ved Haukeland universitetssjukehus, seier har tatt grep for å sikre beredskapen.

Foto: Rolf Marnburg

– Møt opp som normalt

På Haukeland universitetssjukehus jobbar rundt 12.300 personar. Både tilsette og pasientar har onsdag hatt problem med å kome seg til sjukehuset, fortel Vigander.

Poliklinikken har fått inn nokre avlysingar frå pasientar som sit i kø, men sjukehuset har ikkje sjølv måtta avlyse operasjonar eller andre tilbod så langt.

– Det kan bli forseinkingar og opphopingar utover dagen, så det ber vi folk ha forståing for. Så får vi sjå utover dagen korleis det går.

Sjukehuset ber folk møte opp til planlagde timar, om dei kjem seg dit.

– Det er viktig at folk prøver å møte opp til avtalt tid, eller ringer og gir beskjed om dei ikkje klarer det.

Vigander seier sjukehuset har gode reserveløysingar for situasjonar som denne, men vedgår at også dei vil få utfordringar om problema held fram.

– Men vi vil gjere alt vi kan for at det ikkje skal gå ut over drifta.

Må koke vatnet

Etter vasslekkasjen har Bergen kommune gitt bebuarar i Sandviken beskjed om å koke vatnet. Blant dei som har fått varselet er også Sandviken sykehus og andre tenester som Helse Bergen har i området.

– Våre lokasjonar i Sandviken følgjer kokevarselet, seier Vigander.

Kommunen har køyrt ut ein vasstank til sjukehuset.

Han kjenner ikkje til at Sandviken sykehus opplever andre problem i samband med vasslekkasjen.

Grafikk som viser hvor vannledningsbruddet stengte E39 i Bergen
Grafikk: Joakim Digernes-Nordström / NRK