Mannen køyrde med promille og vraka bilen til kameraten. Det heile skjedde natt til 13. september 2003. Ein gjeng fiskekamerater frå Austlandet som hadde fiska i Sunnfjord gjennom fleire år, hadde lagt ein 40-årsfest til Jølster camping. To av dei hadde losji i Førde, men hadde reservert ei campinghytte i Jølster for festnatta.
Fekk nøkkelen til bilen
Då dei kom fram, fann den eine ut at han ikkje ville bruke campinghytta, men ta seg tilbake til Førde på ein eller annan måte. Kameraten fekk nøkkelen til bilen for å køyre den tilbake til Førde når alkoholen var ute av kroppen neste dag. For det vart drukke på festen. Det hadde ein av gutta som var vinimportør sytt for.
Likte ikkje hytta
Klokka to om natta braut selskapet opp, og då fann vår mann ut at han ikkje likte campinghytta han skulle sove i. Dermed gjorde han eit fatalt val. Han sette seg i bilen til kameraten og gav seg i veg mot Førde.
Ved Eikås gjekk det gale. Utforkøyring, vraka bil, personskade og politi på plassen. Blodprøven viste promille på 1,74.
- Ulykksalig hending
I Oslo tingrett karakteriserte mannen hendinga som ulykksalig. Og oppgjeret for 40-årsfesten vart 356.562 kroner. 319.562 kroner til forsikringsselskapet til bilen, pluss 2000 kroner i eigendel. I tillegg 35.000 kroner i bot for promillekøyring. Og så må mannen sitte 30 dagar i fengsel.
Tid til å lese trafikkreglar
Der bør han kanskje lese trafikkreglar, for han må ta full førarprøve når han om to år skal få igjen lappen. Korleis forholdet er mellom kameratane etter festen, seier dommen ingenting om.