Dykkarane har søkt etter den sakna og bilen hans sidan klokka 13.30, men så langt utan resultat. Politiet trur 54-åringen er teken av det store jord- og steinraset på rv 55 i Lånefjorden, som er ein arm av Sognefjorden.
Ein lavinehund markerte måndag føremiddag eit funn i fjorden. Lensmannsbetjent Kåre Jan Hofrenning seier politiet er sikre på at ein bil er teken av raset, og utelukkar ikkje at fleire kan vere tekne.
Uvêret gjer leitinga og rasryddinga vanskeleg på hjelpemannskapa. (Foto: NRK)
Såg lys
Eit augevitne såg eit lys forsvinne i raset like etter klokka 21 søndag, og melde straks frå til politiet. Mannen vart meld sakna like etter klokka 23 i går kveld, men mørket og faren for nye ras gjorde leitinga vanskeleg.
Leiteaksjonen starta opp att klokka 9 måndag. Mellom anna er 20 personar frå Røde Kors hjelpekorps, båtar og helikopter bli sett inn i leitinga.
Ein lavinehund markerte eit funn fjorden måndag føremiddag. (Foto: Olaf Erlend Gundersen, NRK)