Hopp til innhold

Duka for drakamp om leiarverv

Til helga er det duka for dragkamp om leiarvervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Medan valnemnda vil ha Kristin Maurstad som ny fylkesleiar, spelar Flora Arbeidarparti inn sin eigen kandidat.

Kristin Maurstad og Solveig Willis

TO AKTUELLE: Kristin Maurstad (t.v.) og Solveig Willis er begge kandidatar til å ta over som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mykje tyder på at det ser ut til at vervet står mellom Solveig Willis og Kristin Maurstad.

Willis blir presentert som kandidat under sjølve årsmøtet.

– Vi meiner at Solveig har dei kvalifikasjonane som skal til for å gjere ein god jobb for partiet, og vil la årsmøtet få høve til å velje henne som ny leiar, seier Oscar Bergheim, leiar i Flora Ap.

– Hyggjeleg tillit

Det vakte stor oppsikt då det i januar i år vart kjent at tidlegare stryn-ordførar Nils P. Støyva går av som fylkesleiar til fordel for ny jobb som distriktssekretær i LO . Før helga presenterte valnemnda sin leiarkandidat i Maurstad .

Anette Stegegjerdet Norberg

LEIAR: Anette Stegegjerdet Norberg sat i valnemnda som lanserer Kristin Maurstad som leiarkandidat.

Foto: Bernt Sønvisen

– Ho er ein dyktig politikar, godt profilert, særleg i sin eigen region, og kjem frå eit området der valnemnda meiner partiet har eit potensial til å vekse, sa leiar i valnemnda Anette Stegegjerdet Norberg.

Flora Ap ser til eigne rekkjer i jakta på ein til å styre fylkeslaget framover. Willis er formannskaps- og bystyremedlem i Flora, er styremedlem i Flora Ap og nestleiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

– Det er hyggeleg at dei har tillit til at eg kan gjere ein jobb som leiar for fylkespartiet. Eg har tidlegare sagt at eg gjerne tek på meg det vervet om det er ynskje om det, seier Willis berre få dagar før fylkesårsmøtet startar.

– Dragkamp kan det bli

Nils P. Støyva

GIR SEG: Nils P. Støyva takkar av som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Valnemnda innstilte på si side Willis og Hilmar Høl frå Årdal til nestleiarar i fylkeslaget. Willis har ikkje oversikt over kva andre partilag som vil støtte hennar kandidatur.

– No ligg det hos årsmøtet, så eg vil sjå når kjem til årsmøte kva støtte er, seier ho og ser fram til det ho skildrar som eit spennande årsmøtet.

– Er det duka for dragkamp og dramatikk?

– Dragkamp kan det bli, men om det blir dramatikk så er det ikkje noko negativt i det. Vi er alle tre godt erfarne politikarar i fylket, og medlemmane i ulike partilag kjenner oss godt. Det er eigentleg berre positivt for Sogn og Fjordane at fleire ynskjer å stille opp.

– Er ikkje så ulike

Willis legg til at dei tre som er innstilte til leiarverva har samarbeidd godt tidlegare. Einaste skilnaden ho ser er at dei kjem frå ulike delar av fylket.

– Vi tre har samarbeidd veldig godt og er opptekne av næringspolitikk, så slik sett er vi ikkje så ulike. Ein fylkesleiar skal uansett representere heile fylket, seier Willis.

– Kva trur om sjansane til å sitje som leiar når helga er over?

– Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Eg har sagt at eg kan stille om det er ynskje om det, så tek vi det derifrå.