Ein «kyrkjegard» med bildekk blir no rydda opp i på Askøy.






I 2020 varsla Bergen og omland friluftsråd om 190 bildekk på ein nedgrodd leikeplass.
Seinare viste talet på dekk seg å vera langt høgare.
Dekka er mellom anna brukt til å drenera ein bekk som munnar ut i byfjorden. Dette skal ha skjedd på 80-talet, og fører i dag til at mikroplast forsvinn ut i havet.
Men no har ein dugnadsgjeng teke grep: Bedriftsidrettslaget i det interkommunale renovasjonsselskapet Bir.
ENORME MENGDER: 573 bildekk har dugnadsgjengen samla opp.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK– Dum løysing i beste meining
Til dagleg jobbar dei med avfallshandtering og gjenvinning.
No har dei på fritida i løpet av eit par dagar grave opp, reinska og køyrt vekk 573 bildekk frå den gamle, forlatne leikeplassen på Askøy.
Det forklarer Tina Skudal. Vanlegvis er ho kommunikasjonsrådgjevar i BIR, men no er ho på dugnad.
– Teknikken med å bruka bildekk til dette var dessverre i bruk på 80-talet. Det var nok godt meint, men med dagens kunnskap veit me at det var ei veldig dum løysing. Eg håpar folk har slutta med det no, seier ho.
OVERALT: Nedgravne bildekk ligg overalt rundt den gamle leikeplassen.
Foto: Tina Skudal / BIRMikroplast frå 500 bildekk
Miljødirektoratet stadfestar at bildekk av gummi kan gjera stor skade.
Når dei blir brotne ned, blir det mikroplast, som kan takast opp i organismar og koma inn i næringskjeda.
Slik blir helse- og miljøskadelege stoff spreidde.
BLIR MIKROPLAST: Bildekka går etter kvart i oppløysing og mikroplast blir spreidd ut i naturen rundt.
Foto: Tina Skudal / BIRDet finst inga sentral kartlegging av omfanget av slike bildekkplassar i Noreg.
– Men me veit at natur og hav har blitt brukt som dumpeplass i tidlegare tider. Ein del av desse frustrerande døma dei siste åra viser jo at omfanget truleg er stort, seier Ingvild Sundal Joys i Naturvernforbundet Hordaland.
- Les også:
Veit kven som eigde dekka
Hovudregelen er at dei som forureinar skal betala for ryddinga. Men det er ikkje alltid så enkelt å vita kven det er, når syndene er gamle.
På Askøy veit ein kven som eigde dekka i si tid.
– Men han gav dei vekk, det var ikkje han som grov dei ned. Sidan har det kome nye grunneigarar som har kjøpt katten i sekken, seier Skudal.
No har ho og resten av bedriftsidrettslaget tatt saka i eigne hender i staden.
Siv Høgtun, ordførar i Askøy kommune, meiner løysinga er god.
– Det er alltid dei som forsøplar som har ansvaret for å rydda opp. Og viss me ikkje kan finna dei, er det grunneigaren som har ansvar for sin eigen eigedom. Men i dette tilfellet såg BIR at det var vanskeleg. Dei var løysingsorienterte og tok ryddejobben.






– Nokon må ta ansvar
Bedriftsidrettslaget får 15.000 kroner for oppdraget. Midlane kjem frå ei tilskotsordning frå Miljødirektoratet, via Bergen og Omland Friluftsråd. Det er altså ikkje kommunen som betalar, fordi det ikkje er deira ansvar.
NYTTIG TRENINGSØKT: Å grava og slepa 573 dekk ut av naturen.
Foto: Tina SKudal / BIROgså Joys i Naturvernforbundet er nøgd med at det blir rydda. Ho etterlyser likevel at nokon tek ansvar.
– Mange slike saker kjem truleg til å bli oppdaga framover. Det er viktig at det ikkje blir overlate til frivillige og miljøorganisasjonar som har avgrensa kapasitet. Kommunane og styresmaktene må på banen og betala for oppryddinga.
FERDIG ARBEID: Haugen er klar for vekk-køyring.
Foto: Tina Skudal / BIR