Hopp til innhold

Du kan få rekninga for nye reglar

Vegdirektoratet vurderer å innføre ny makshøgde for trailerar og lastebilar. Då kan det bli dyrare for deg og meg å handle vanlege forbruksvarer.

Lastebil på nye E18.
Foto: Svein Sundsdal / NRK

Etter ei rekkje ulykker med høge køyretøy den siste tida, vurderer Vegdirektoratet å innføre ei makshøgde på fire meter for trailerar, lastebilar og vogntog.

Mindre plass - høgare kostnader

Det kan i sin tur bety mindre plass for frakt av varer - noko som til sjuande og sist kan gå utover forbrukarane.

- Lågare lastebilar betyr mindre plass, som igjen fører til at transportørane må ta fleire turar for å frakte samme mengde gods, forklarer Olav Slaatsveen i Norges Lastebileigarforbund.

Og: Med fleire turar for å frakte samme mengde varer, kan det bli dyrare for Ola og Kari Nordmann å handle i butikken. For så godt som alle varer er køyrde med lastebil, trailer eller vogntog.

Transportnæringa fortvilar

Transportnæringa er oppgitt over Vegdirektoratet sitt forslag, som no er ute til høyring. Mange har dei siste åra bygd lastebilane høgare og høgare for å kunne ta med seg meir gods på kvar tur - og berre i Sogn og Fjordane har transportselskapa godt over 100 bilar som er høgare enn fire meter.

- Det er klart det vil bli dyrare for forbrukarane dersom det blir ein slik makshøgde. Dessutan går det utover miljøet. No må vi tenkje oss godt om, åtvarar dagleg leiar Roar Kårstad i Kårstad Transport.

På høyring i tre månader

Dersom dei nye reglane blir innførte, vil bilar høgare enn fire meter kunne nyttast i ein overgangsperiode på ti år. Men alle nye bilar vil måtte vere lågare enn fire meter.

- Ei innføring av høgdeavgrensing vil vere ein av mange faktorar som kan bidra til at køyretøya sin stabilitet blir betre. Det vil ha stor trafikktryggleiksmessig betydning, seier rådgjevar Thomas Magnussen i Vegdirektoratet.

Forslaget skal vere på høyring i tre månader. I mellomtida skal Vegdirektoratet finne ut kven som skal ta rekninga.

- Vi vil ikkje vedta noko før dei økonomiske konsekvensane er skikkeleg greia ut, seier Magnussen.