Hopp til innhold

Veksande trafikkfare i tunnelane

Kulda på Vestlandet gjer vassdropane i tunneltaket til ein trafikkfare.

Video nsps_upload_2009_12_21_18_40_4_2106.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mykje vatn i grunnen og kvikksølv på meir enn ti minusgrader på gradestokken, gjer vassdropane i tunneltaket til raskt veksande istappar. Spesielt for tungtransporten kan det føre til farlege situasjonar.

- Denne er alldeles bristeferdig. Køyrer eg vidare framover no, så smell det, seier Magne Ahlin og viser til istappen som heng ned frå tunneltaket.

Ser i tunneltaket

Magne Ahlin

På kalde dagar speidar Magne Ahlin automatisk etter istappar i tunnelane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Etter ei lang natt på vegen mellom Bergen og Sogn, går auga automatisk opp i taket kvar gong Ahlin køyrer inn i ein tunnel. Han er dagleg leiar i Slinde Transport. Ahlin lirkar seg fram mot istappen til den brotnar og fell ned langs hytta på vogntoget.

- I vanleg fart, 70-80 km/t, så kan du tenke deg korleis det kunne gått. I alle fall ville frontruta gått, held yrkessjåføren fram.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vanskeleg å halde tritt

Byggjeleiar hos Statens Vegvesen,Asbjørn Røneid, vedgår at det er vanskeleg å halde tritt med dei raskt veksande istappane som veks i landets over 1 000 tunnelar. Til dømes vart Fjærlandstunnelen rydda klokka 06 måndag morgon. Åtte timar seinare var Mesta i ferd med ei ny runde.

- Når det er mykje vatn og det frys til, då veks dei fortast, seier Røneid og vedgår at istappen Ahlin "køyrde ned" burde vore fjerna noko tidlegare.

Ein meter på få timar

Istapp i tunnel.

- Den kunne gjort eneorm skade. Den var livsfarleg, seier Magne Ahlin om denne istappen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Unni Sørensen, samfunnskontakt i NAF Region Vest, har forståing for at det ikkje alltid er like lett for Mesta å fjerne istappane i tunnelane. Men at dei kan vere trafikkfarlege, er ho samd i.

- Dei kan bli ganske store, kanskje over ein meter på veldig få timar. For store køyrety er det eit stort problem. Når det blir lågare temperatur, kan den også bli risiko for mindre køyrety når dei losnar, seier ho.

- Senk farten

I tillegg til at istappane er farlege når dei losnar, kan også redde bilistar skape farlege trafikksituasjonar når dei oppdagar istappane frå tunneltaket. Rådet er difor låg fart - og å unngå rask unnamanøvrering.

- Det luraste er å køyre varsamt og å senke farten. Dersom låg temperatur, og det smeltar, kan tryggbølgja med stor fart i tunnel trigge at istappane losnar, seier Sørensen.