Hopp til innhold

Drosje smadra uteservering og krasja – utelukkar ikkje teknisk svikt

Berre timar etter at gjestane hadde forlate den populære utestaden Lille i Bergen natt til laurdag, smadra drosja gjennom uteserveringa.

En taxi kjørte i stor hastighet på fortauet nedover Torggaten, videre inn på Torgallmenningen hvor den stanset etter kollisjon med Narvesen-bygget.

Ein taxi køyrde i stor hastigheit på fortauet nedover Torggata, vidare inn på Torgallmenningen kor han stoppa etter kollisjon med Narvesen-bygget.

– Me tenkte berre: kva skjer no, er dette ekte?

Jonas Olsen sat på balkongen på Hotel Noreg tvers over gata saman med vener då drosja starta den ville ferda si gjennom Torgallmenningen i Bergen.

– Me høyrde noko valdsamt med lydar og skjønte umiddelbart at noko ikkje var som det skulle, seier Olsen.

Olsen plukka opp telefonen for å filma det som skjedde på bakkeplanet under han.

Politiet har snakka med vitne som seier at drosja kom ned frå Vaskerelven, knuste uteserveringa og deretter køyrde vidare i relativt høg hastigheit ned Torggata, skriv Bergensavisen.

Taxi-ulykke Bergen

Uteserveringa på utestaden Lille fekk materielle skader.

Foto: Politiet

Turen enda utanfor Narvesen-kiosken på Torgallmenningen, ovanfor ei lita trapp. Ein fastmontert stolpe, som er der som tryggingstiltak, har blitt meia ned.

Ingen personar vart påkøyrde. Hendinga skjedde 04.30 natt til laurdag.

Sikta for aktlaus køyring

– Drosja si ferd har forårsaka ein del materielle skader, mellom anna på uteserveringa ved utestaden Lille. Ingen personar vart påkøyrde, skriv politiet i ei pressemelding.

Drosjesjåføren, ein mann i 40-åra, er frakta til sjukehus. Då politiet kom fram var han medviten og ute av bilen, men skadeomfanget er ukjent, opplyser politiet.

Jourhavande politiadvokat i Vest politidistrikt, Mariann Eide seier til NRK at politiet no jobbar ut ifrå fleire hypotesar.

– Akkurat no veit me ikkje årsaka til kvifor dette skjedde. Ei av årsakene kan vera teknisk svikt på køyretøyet. Det kan også vera medisinsk tilstand på passasjeren då ulykka skjedde.

Sjåføren har no blitt sikta for aktlaus køyring.

Eide seier dei no etterforskar hendinga som ei trafikkulykke og ikkje som ei villa handling.

– Eg veit at det har vore kommunisert frå sjåføren si side at her var det noko som var gale med køyretøyet, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen.

Taxi-ulykke Bergen

Politiet jobbar ut ifrå fleire hypotesar etter hendinga laurdag morgon. Ein av hypotesane er teknisk svikt på køyretøyet.

Foto: Politiet

– Fekk lyst til å grina

Heile uteserveringa til utestaden Lille vart øydelagt då bilen køyrde gjennom gata.

Dagleg leiar, Thomas Hjellum Johnsen, seier han ikkje trudde på det då han fekk beskjed om kva som hadde skjedd.

– Då eg såg bilete fekk eg nesten lyst til å grina. Eg visste jo ikkje om det var personskadar eller berre materielle skadar.

Viser korleis det ser ut etter at bilen køyrde inn i uteserveringen til Lille.

Dagleg leiar ved utestaden Lille, Thomas Hjellum Johnsen, viser skadane etter at bilen køyrde inn i uteserveringa deira. Her vart glasa i vindauga knust.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Då NRK møter han ved utestaden laurdag føremiddag seier han at det var hell i uhell at ingen vart skadde.

– Det er jo eigentleg alt som betyr noko. Men me kjem til å tapa rundt 400-500.000 kroner på dette, heilt sikkert.

Fleire tømrarar var allereie laurdag morgon godt i gang med å bygga opp eit nytt uteområde.

– Me er fullbooka heile 16. og 17. mai. Me må berre komma i gang igjen, seier Hjellum Johnsen.

Dagleg leiar på Lille Thomas Hjellum Johnsen.

Hjellum Johnsen prisar seg lykkeleg for at ingen vart skadde i hendinga.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Ingen mistanke om ruspåverknad

Politiet stadfestar overfor NRK at det var ein elbil som kom ut av kontroll.

Operasjonsleiar Dan Erik Johannessen seier det ofte er mykje folk på Torgallmenningen på kvelden og tidleg på natta i helgene.

– Me skal vere glade for tidspunktet dette skjedde på.

Han seier at området der bilen har køyrt på fortauet ofte er oppstillingsplass for drosjer.

– Her er det ofte lange køar med menneske.

Politiet har ingen mistanke om ruspåverknad. Dei vil likevel ta blodprøve av sjåføren.

Jan Valeur er dagleg leiar i Bergen Taxi, firmaet drosja køyrde for. Han seier hendinga er dramatisk og uheldig.

– Me er veldig glade for at ingen vart skadde. Så får me sjå kva politiet finn ut med tanke på årsak.

Valeur seier han enno ikkje har prata med sjåføren, men at han vil bli teken vare på av selskapet. Leiaren seier han er sjokkert over at noko slikt kunne skje med ein av deira bilar.

– Eg har vore i næringa i mange år. Slike ting som dette skjer berre ikkje.