Det er avisa VG som i dag siterer politikjelder på at det vert leita etter ein person som skal ha hatt eit seksuelt motiv for å drepe Anne Slåtten. Dette vil ikkje politiet stadfeste, men lensmann Kjell Fonn seier dei ikkje kan utelukke noko.
Ikkje misbrukt
Det er likevel ikkje noko som tyder på at Anne Slåtten vart seksuelt misbrukt. Slåtten skal ha vore fullt påkledd då ho vart funnen, og det skal ikkje vere teikn på åstaden etter vald.
Ingen mistenkte
Politiet granskar no fleire namngitte menn etter Førde-drapet. I følgje TV 2 Nettavisen skal ein av desse vere meir interessant enn dei andre. Politiet held likevel fast på at ingen er mistenkte i saka, og at etterforskinga skjer på brei front.