Hopp til innhold

Døydde av drukning

Den førebelse obduksjonsrapporten viser at 45-åringen som vart funnen død i Florø på torsdag, døydde av drukning. Det seier stassjonssjef for politiet i Florø, Wenke Hope. Mannen hadde vore sakna i fem dagar, og vart funnen etter at ein sonar vart sett inn i søke i vatnet. Politiet kan ikkje seie meir om dødsårsaka før den endelege obduksjonsrapporten er klar.